Haust

Diktaren Henrik Straumsheim blei fødd i Sykkylven i 1893. Han har skrive dette diktet om den fine årstida vi no er inne i.

(Foto: Hanne Suorza)

Eg helsar deg, haust,
du ærlege haust,
du lovar meg aldri det slag.
Broren din, våren,
han lovar så raust,
han lovar kvar einaste dag,
men lovnaden gløymer han ofte så fort,
han held ikkje meir enn han vil,
og var det eit vonbrot han ikkje fekk gjort,
så hjelpte nok sommaren til.

Eg helsar deg, haust,
du ærlege haust,
du lovar meg aldri det slag.
Men open og ærleg
og trugen og traust
det er du frå dag til dag.
Du seier så sant er,
og slær ikkje av:
eg stormar, eg ruskar, eg riv,
eg møter med kulde,
med død og med grav,
det fallande, folnande liv.

Eg helsar deg, haust,
av heile mi sjel,
eg helsar deg, herlege haust.
Du lovar meg inkje,
men kjem likevel
med gåver så rikt og så raust,
ja, ofte kom du
med ein soldag attpå,
som ikkje var venta eingong,
og lia var gullgul,
og fjella blå,
og livet var solskin og song.

Eg helsar deg, haust,
du herlege haust,
og takkar for alt som du gav,
for stormen frå nordvest
og græla frå aus
og båra som braut over hav,
for sola som lyste
så lognt over land
når bya frå nord spakna av,
for livet som loga
i bål og brann
den stunda det seig i si grav.

4 total comments on this postSubmit yours
  1. Facebook byr på overraskingar. Via tilfeldige meldingar har eg plutseleg kome inn på http://www.brabygd.no – og funne eit initiativ som vil bli svært spanande å følgje framover. Takk
    Per Robert Tafjord

    • Tusen takk! Kjekt å høyre, glad du vil følge med!

  2. Knallbra Hanne! Fantastisk!

    • Tusen takk Elise!

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.