Det må vere noko med stemninga i galleriet og kvaliteten i musikken. For når Blue Horn Jazzband og Margrethe Velle Ødegård speler i Galleri Cylindra er det fullt hus.
I morgon, fredag 21. september, er det jazzkveld i Tusvik. Til Galleri Cylindra kjem Blue Horn Jazzband, Margrethe Velle Ødegård, Peter Opsvik, Lars Martin Vik, Kristina Roth Kurseth og Askjell Molvær.
120 personar frå Sykkylven og mange andre stadar i landet, har meldt seg på konserten.
Arrangementet startar klokka 19.55. Middag. Det er utselt for billettar.
Les meir om Galleri Cylindra på brabygd i morgon.