Antikk på låven

På låven til Egil og Evelyn Brunstad går vi inn i ei anna tid.

Smykker og brosjer som ingen andre har. (Foto: Hanne Suorza)

Ekteparet driv Brunstad antikk og brukt, på garden der Egil voks opp. Her er det eit svimlande utval i ting med sjel. Både møblar, bøker, smykker, sko, kunst og porselen.

Å blande nytt og gamalt i hus og heim kan vere stilfult. Interiørmagasin viser korleis det kan gjerast, og vi tar med oss inspirasjon til Brunstad på leit etter noko liknande. Helst noko som ikkje alle andre har.

På låven finn vi koppar frå Egersund og fat frå Flint. Evelyn fortel at porselen frå Figgjo er populært blant dei unge. Ho viser fram ei skål med retromønster. Den er lett gjenkjenneleg frå bestemor sitt kjøkenskap.

Tid for te. (Foto: Hanne Suorza)

- Mange er flinke til å bruke fantasien. Dei er bevisste, kreative og veit kva dei vil ha. Av og til sel vi gjenstandar som vi har vore på kanten til å kaste, seier Evelyn.

For ei tid tilbake vurderte Egil å hive ei gamal skrivemaskin.

- Den var litt rusta og skada. Då kan den øydelegge meir enn den gjer godt i lokalet her, fortel han, og legg til:

- I dag står skrivemaskina på Hotel Union Øye. I dei lekraste omgivnadar på Karen Blixen-rommet. Der er ho veldig dekorativ, den passar perfekt. Den skrivemaskina, ja, den hadde sjarm.

Egil si interesse for gamle, vakre ting starta allereie på femtitalet. Saman med mora var han på tur til Gartnerhallen i Ålesund, på jakt etter klede og anna nyttig til familien.

På ein av desse turane fekk Egil augo på ei lampe. Den blenka som gull, hadde form som ei løve og kosta to kroner. Løvelampa blei med den glade guten heim til Brunstad. Egil var åtte år og hadde gjort sin første brukthandel.

I dag er det til Brunstad folk kjem for å gjere ein god handel. Dei fleste besøkande er frå distriktet. Andre reiser landet rundt fordi dei leitar etter noko spesielt, gjerne samleobjekt. Egil og Evelyn legg også ut varer for sal på for eksempel QXL og eBay. Dermed har dei heile verda som marknad.

- Korleis prisar de varene?

- Vi følgjer godt med, både på auksjonar, i fagblad og i eiga bransjeforeining.  Prisindeksar, som blir gitt ut ein gang i året, viser kva prisar som er oppnådd på auksjonar i Norge og i utlandet. Elles gjeld dei samme mekanismane som i andre bransjar med tilgang og etterspørsel. Dessutan kjem lang erfaring godt med, seier Egil.

På nittitalet heldt han og Evelyn ei rekke auksjonar rundt om i fylket. Sidan 1998 har dei satsa på brukthandel.

- Det er ein livsstil og eit spanande arbeid. Vi veit aldri kva vi kjem bort i, og så møter vi mange kjekke folk, fortel dei.

Varene på Brunstand kjem stort sett frå dødsbo i distriktet. No byrjar det å bli trangt om plassen på låven. Evelyn og Egil vil utvide.

- Vi har planar om ei ny avdeling i den gamle fabrikken til Brødrene Hole i Velledalen. Der blir det sal av eldre gjenstandar, slik som dører, vindu, gamle beslag, verkty og vedovnar.  Det blir også ei stor avdeling med loppemarknad, seier Egil. Avdelinga opnar neste år.

Evelyn og Egil Brunstad på låven med det rare i. (Foto: Hanne Suorza)

Brunstad brukt og antikk har ope kvar laurdag og søndag frå kl 1300 – 1800.

Låven stenger seint på hausten når snøen kjem, og opner igjen i april/mai.

 

 

 

 

2 total comments on this postSubmit yours
  1. På denne låven kan du finne det du ikkje har og mykje meir. Alltid spennande å legge ein tur innom her når ein køyrer gjennom Velledalen. Du vil aldri gå tommhendt her ifrå!

    • Hei Roar – ja, kan finne mange skattar på Brunstad :)

1 pingback on this post
Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.