Cylindra: mange sider å spele på

- Eg hadde aldri trudd at interessa skulle bli så stor, seier Kjellbjørn Tusvik. Galleristen og handverkaren snakkar om den internasjonale merksemda Cylindra har fått over mange år.

Kjellbjørn Tusvik i Galleri Cylindra. (Foto: Hanne Suorza)

Kjellbjørn blar i tjukke permar med over 400 presseklipp, som han har samla dei siste 20 åra.

- Før eg starta Cylindra AS, dreiv eg Tusvik Møbelfabrikk. Bedrifta gjekk i arv frå far og bestefar. Eg trur ikkje det var ein einaste journalist innom på 85 år. Plutseleg skulle eg møte journalistar frå både aviser, radio og TV.

Det er mange gode minner som kjem fram når vi studerer presseklippa, systematisk sortert etter årstal.

- Her frå New York Times, Aftenposten, Japan Times og har du sett dette amerikanske magasinet? spør han.

Produkta ved Cylindra er designa av Peter Opsvik, og kan like gjerne kallast kunst. Dei gjer seg flott også på glansa papir. Skapa med navna Egenskap og Troskap har truleg fått mest merksemd.

- Kva er det som er spesielt med dei?

- Desse er ikkje meir spesielle enn dei andre, men det at vi gir skapa navn med ei dobbeltyding, er spesielt. Egenskap, Helskap, Troskap, Latskap, Vennskap, Vertskap, Selskap, Naboskap, Mannskap, Klokskap, Kunnskap. Eg trur ikkje ein finn slikt ordspel i andre land, seier Kjellbjørn, som finn inspirasjon i samlinga til Ivar Aasen.

(Foto: Cylindra)

Ved å samle på utklippa hugsar Kjellbjørn opplevingane godt. Samtidig er det ein fin måte å ta vare på historia. Ein kunsthistorikar har sagt at skulpturane til Cylindra vil bli verdifulle antikvariat frå vår tid.

- Kan du tenke deg nokon som kastar eit slikt produkt etter 10 eller 20 år? spør Kjellbjørn.

Galleri Cylindra har vore representert på omlag 60 utstillingar verda over. Halvparten av dei i USA, men også i byar som Berlin, Milano, London, Tokyo, Paris og Edinbourgh. Spesielt godt hugsar Kjellbjørn utstillinga i West Palm Beach i Florida i 2003. Cylindra var eit av åtte europeiske galleri som var invitert til å stille ut. Eit av måla var å bygge bru mellom kunst og design.

- Det var eit flott utstillingsenter med høg kvalitet. Vi oppnådde gode prisar. Likeså møtte vi mange kjekke personar, minnast han.

På Cylindra har det vore 12 haustutstillingar, den siste i 2004. Norske kunstnarar som Ørnulf Opdahl, Astrid Eidset Rygh og Alf Fagermo har stilt ut. Eva Joly og Jens Moe er blant dei som har opna utstillingane. Størst inntrykk gjorde den finske kunstnaren Soile Yli-Mayry.

- Soile er malar. Stilen er personleg, men knytt til ekspresjonismen. Ho designa også sin eigen kleskolleksjon som harmonerte med fargane på maleria. Også visittkort, brosjyrer, ja, alt var gjennomført. Klart det gjorde inntrykk, seier Kjellbjørn.

Dei siste åra har Kjellbjørn invitert interesserte til å høyre kåseri og foredrag. Han har halde bokkveld og førjulskonsert. I fjor arrangerte han Retro-kveld. Konseptet med musikk frå 60- og 70-åra har 10 års jubileum neste år. Enkelte har allereie bestilt plass til konserten.

- Kvifor arrangerer du slike kveldar?

- Eg synest det er kjekt å gjere mykje forskjellig. Men først og fremst ønskjer eg at folk skal få ei positiv oppleving her ved Cylindra.

I kveld, fredag 21. september, er det duka for ny jazzkveld. Alt ligg til rette for eit flott arrangement. Det gamle industrilokalet i Tusvik gir ei spesiell stemning. Kjellbjørn har pussa opp steg for steg, lagt nytt tak og 2500 fliser. Her har du utsikt mot fjord og fjell. Galleriet er godt å vere i.

- Det er noko med skulpturane til Peter Opsvik. Dei gir ei spesiell atmosfære. Du oppfører deg annleis i eit rom med kunst i. Meir fri, seier Kjellbjørn Tusvik.

Cylindra ligg vakkert til ved sjøen i Tusvik. (Foto: Hanne Suorza)

 

 

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.