Eit sentrum med særpreg

Sentrumsgatene i Sykkylven har eit særpreg vi kan vere stolte av. Kva er det spesielle?

Aure sentrum, september 2012. (Foto: Hanne Suorza)

Sykkylven kommune arbeider med ein ny sentrumsplan. Teikningar av eit nytt Aure er til evaluering. Det engasjerer.

I går blei vinnaren av arkitektkonkurransen for sentrum kåra. Forslaget «Med hjartet på rette staden» gjekk til topps, med «Topp Torg» hakk i hel. Desse forslaga kan legge føringar for vidare utbygging, men også gi nyttige innspel om fargebruk og miljøtiltak. Truleg vil vinnarbidraga fungere som ein mal for kommunen og næringsdrivande. Ein plan gir grunnlag for ei samla framdrift. Både på kort og lang sikt.

I arkitektkonkurransen har fagfolk frå heile landet peika på det spesielle med sentrum.

Alle finalistane foreslår å stramme inn sentrum si form (kvadratstrukturen) og bygge ut mot sjøen. Dei vil gjere riksvegen, som går mellom sentrum og sjøen, om til ei fin gate. Det skal få få folk som i dag køyrer forbi Aure til å stoppe, og bygda vil få eit løft.

Å fylle ut gatene med nye bygg vil gi trivsel, vekst og handel. Ingen av finalistane har tru på at eit nytt kjøpesenter vil gjere sentrum til ein bedre stad å vere. Dei små sentrumsgatene og nærleiken til sjøen er nemleg eit av bygda sine fortrinn.

Slik kan Aure kome til å sjå ut i framtida. (Skisse frå vinnarforslaget.)

Som ein liten by

Ein arkitekt med god kjennskap til bygda er Jonny Klokk. Han er oppvaksen i Ramstaddal og arbeidar no hos arkitektkontoret MAD i Oslo. Eit av oppdraga hass har vore Sørestranda skule.

Jonny peikar på fleire særpreg i sentrum.

- Den avgrensa kvadratstrukturen med landskapet rundt, gjer at sentrum framstår som ein liten by med urbane kvalitetar.  Dette er ganske utypisk for andre norske, mellomstore tettstadar, seier han.

Jonny set pris på at sentrum har ulike typar næringslokaler og tilbod. Han meiner også at bygda bør satse på stadar og aktivitetar som gjer at folk vil vere i sentrum. Gatene gir mulegheit for å møtast, om det så er i bil. Sentrum har eit mangfald som kan vekse.

At sentrum ikkje er eit enkeltståande kjøpesenter med styrt utval og innhald, er i følge arkitekten ein viktig kvalitet. Å lage ein halvdårleg versjon av Moa har han ikkje trua på. Der blir det meste einsarta, ei slags parkering- og handlemaskin.

Ein tidleg plan har gitt særpreg

For å forstå korleis sentrum har fått sitt preg må vi gå tilbake i tid. Menneske har budd på Aure i over 3000 år. Funn på Auremarka viser at det har blitt bygd i klynger sidan jernalderen. (ca. 500 f.Kr.–1030 e.Kr) Hus og gater er som ei lokal historiebok.

Kvadraturen tok form etter at Aure brann i 1939. Den kjende arkitekten Sverre Pedersen teikna ein ny plan for korleis sentrum skulle sjå ut. Pedersen står bak rundt 100 byplanar i Noreg, mange som følge av brann.

- Sykkylven har halde relativt godt på planen. Det er også viktig for at sentrum framstår såpass tydeleg som det gjer i dag, seier Jonny.

I stadanalysa som blei utvikla for Sykkylven i 1993 kan vi lese om korleis sentrum gradvis har fått si form. Etter brannen utvikla sentrum seg til ei tett og rett gate. Årsaka var at bøndene på Auremarka ikkje ville selje dyrka mark. Rundt 1965 blei sentrum regulert og det blei bygd tverrgater. Arkitekturen var enkel, husa hadde flate tak etter 60-talet.  Etterkvart bygde mange på toppetasjar med mindre saltak. Det gav sentrum eit meir sjarmerande preg.

- Bygningane er ikkje dei mest særprega. Det er ikkje ein spesiell stil som definerer sentrum. Men bygardar med 3-5 etasjer i pussa mur eller betong er med på å understreke dei urbane kvalitetane. Dei skil også sentrum frå resten av busetnaden i kommunen, seier Jonny.

Han håper at dei nye planane vil forsterke forma til sentrum.

- Forhåpentligvis blir det også bygd fleire bustadar. Folk dannar aktivitet og treng tilbod. Dette kan igjen skape positive ringverknadar, seier Jonny Klokk.

(Foto: P.P. Lyshol)

(Foto: P.P. Lyshol)

Stadanalysa for Sykkylven blei gjennomført i 1992-93 i samband med ein revisjon av kommunedelplanen for Aursnes-Tynes- området i Sykkylven kommune. Den er utført av siv.ark. Anne Marit Vagstein. Analysa var ein del av doktorarbeidet hennar ved Arkitekthøgskolen i Oslo, med tittel «Steder i Norge».

 

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.