Farsott på Facebook

I sommar dukka det opp ein farsott på Facebook. Der mimrar bygdefolk og utflytta Sykkylvingar om alt frå pianotimar til potetball.

Facebooksida «du veit du er gammal og frå Sykkylven når…» har i dag 1983 medlemmar. Det heile blei starta av Kari Anne Risvik Strand som flytta frå Sykkylven i 1987. I dag bur ho på Rørvik i Trøndelag der ho arbeider som lærar.

- Eg starta sida fordi det er ei liknande side om Rørvik. Dei minna kan eg ikkje ta del i, seier Kari Anne.

Ho synest det er artig at mange bidrar med sine barndomsminner frå Sykkylven.

- Det er så mykje eg hadde gløymt, men som no kjem fram i lyset. Enkelte dagar kan eg sitte i timesvis og lese gjennom det som folk har skrive. Eg humrar og ler for meg sjølv, fortel ho.

Spesielt artig synest Kari Anne det er å lese om oppvekst og kortkveldar på Aursneset.

- Vi var ein flott gjeng med ungdommar som heldt saman. Den såkalla «Aursnes mafiaen». Det blei nok gjort nokre rampestrekar, men stort sett oppførte alle seg heilt fint.

- Kva er det artigaste du har lest?

- Det må vere ein som skreiv at den dagen han blei medlem av sida var den beste på lenge.

I følgje kommentarane så veit du at du er gammal og frå Sykkylven når du:

…huska påskedans på ungdomshuset i Straumgjerde med Yankee!

…huska godt en måtte kjøpe ei halv brødskive for kvar ei pils en skulle kjøpe seg på hotellet :))

…rakk å bli ganske stor før du skjønte att det vakje alle kvilestola som heitte «stressless»!

…huska fiskekakefabrikken inne ved den gamle vikebrua…steinbrua.

…huska ungdomskveldane, FIBA Diskotek, kinokveldane med Filmavisa på ungdomshuset Valhall, der Intersport på Aure er i dag!

…husker Bedehuskafeen på Aure, balldag på torsdager, store porsjoner gitt, fole god middag;-)))

…huska at det var ikkje so fole langt rundt fjorden…Idag,med brua på plass, so e det fola langt rundt….Kan huske at vi tilogmed fant på å gå heimatt rundt fjorden…Kjentest ikkje so langt ut rundt då,men det var vel for det ein var nyforelska og ikkje heilt tenkte kilometer? ;-)

…endar opp med å snakke deg varm kvar gong folk lurer på kor du er i frå!

1. Carl Tandstad Storband: Jostein Bonesmo, Arnfinn Grebstad, Oddbjørn Bonesmo og Ole Bonesmo i Lurlåtuniform på 70-talet. 2. Hopprenn på Brunstad. Arne Larsen i midten. 3. Lurlåt sitt nisseorkester. 4. Ferga Rauma. 5. Aure. Besøk frå Island? (Alle foto: P.P. Lyshol)

 

 

 

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.