I helga: Bruaset, gospel og shopping

At vi shoppar og shoppar er i alle fall bodskapen i kåseriet til Liv Randi Bjørlykke. I dag, fredag 28. september, kan du høyre ho i Sykkylven kyrkje under kyrkjemessa.

Liv Randi Bjørlykke. (Foto: Hanne Suorza)

- Vi har kjøkkenet fullt av kvardagsbestekoppar, og badet struttar av såper. Eg vil sjå på forbukarsamfunnet med eit humoristisk blikk, seier Liv Randi.

For tida arbeider skribenten med både kåseri og lokalhistorie. I fjor gav ho ut kåseriboka «Mobil på bussen» på eige forlag. Den er selt i 1300 eksemplar.

- Korleis arbeider du fram eit kåseri?

- No har eg har notert gullkorn på små lappar i fleire veker. Det er hard jobbing før punktum vert sett, seier Liv Randi, som om to veker gir ho ut dei beste kåseria sine på CD.

I dag kan du også høyre Oddgeir Bruaset snakke om «Der ingen kunne tru at nokon kunne bu». Det blir sang av Sonia Røw Hjelle, og minikonsert med Tricia Boutte og Askjell Molvær. I morgon er det klart for barnesang og konsert med Sykkylven gospelkor. Program: Kyrkjemessa 2012.

Søndag kl. 19 kan du høyre Magne Femmerlid, Margrethe Velle Ødegård, Halstein Kurseth og Jorun Rausand. Kor under leiing av Einy Fauske, orkester under leiing av Askjell Molvær. Gjest er grunderen og politikaren Per Sævik frå Herøy.  Programmet har fått navnet «Minnest du songen».

Sokneprest Helge Standal fortel at kyrkjemessa er eit årleg arrangement som har blitt ein viktig møtestad for mange.

- Vi prøver å legge opp eit arrangement som kan treffe dei aller fleste, både unge og eldre. Det er også ei viktig inntektskjelde for barne- og ungdomsarbeidet i kyrkja, seier Helge Standal.

Kyrkjemessa er opa fredag 28. september frå kl. 13-19, og laurdag 29. september frå kl. 12-16.

1. Bente Skjeret-Tynes og Lillian Klock Urtegård organiserar 360 gevinstar i kyrkja i dag tidleg. 2. Sykkylven kyrkje, fredag 28. september 2012. 3. Oddgeir Bruaset kjem til Sykkylven for å snakke om «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». (Foto: Tor Sivertstøl/ NRK) 4. Du kan bli den heldige vinnaren av ein vakker dåpskjole, sydd av Marit Klokk. (Foto: Hanne Suorza)

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.