Fredag: sjå haustmoten før og no

- Motebildet er prega av mykje strikk. Men også lettare stoff, slik som chiffon. Vi ser fine haustfargar som rustraud, burgunder og mørkeblå. Både ein klassisk og bohemsk stil er trend, seier Berit Furholm ved Din Stil.

Berit Furholm ved Din Stil. (Foto: Hanne Suorza)

I morgon, fredag 28. september, er det klart for moteshow med tema «Mote før og no». Arrangementet er eit samarbeid mellom fleire aktørar. Din Stil viser trendar innan klede og sko. Viko Konfeksjon, som produserte klede frå 1935 til ut på 1960-talet, tar eit historisk tilbakeblikk. Odruns Hårpleie står for styling og Fryd og Gammen viser interiør.

Din Stil har i fleire år arrangert Damenes Aften. Men i år ville Berit gjere det annleis.

- Vi liker å samarbeide. Det er noko som heiter at saman er vi sterke, seier Berit.

Då ho fekk tilbod om å halde moteshow på Cylindra takka ho ja med ein gang.

- Det er eit flott lokale med sitteplassar til mange. Vi veit at fleire «store» butikkar i Ålesund også har spurd, så vi er heldige som får vere der.

Damer i bygda stiller villig opp både som publikum og modellar når Din Stil har moteshow. Det er viktig, i følge Berit.

- Det beste er at folk som vi kjenner vil gå i kleda våre. Vi ønskjer å vise eit utval som kan brukast av alle, uansett stor eller liten størrelse.

- Kvifor bør vi sjå moteshowet?

- Dette er ein kveld der du kan bli oppdatert på trendar innan klede, sko, hår og interiør. Det blir litt å drikke, litt fingermat og litt kultur. Alt i alt oppskrifta på ein kosekveld, seier Berit Furholm ved Din Stil.

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.