I dag fyller Elias 85 i ein butikk som er 100. Det er grunn til å feire i Vinjehuset.
Vi gratulerer den flotte kjøpmannen!
I år er det heile 100 år sidan far til Elias, som også hadde navnet Elias, etablerte butikken på Aure.
Først heldt han til i Sykkylven Hotel, så i Vinjehuset frå 1919. Elias blei fødd i 1927. I byrjinga av 30-åra utvida Elias senior og kona Laura butikken til hotell, som blei drive fram til ca. 1960. Det var flaks at huset ikkje gjekk tapt i Aurebrannen i 1939.
Elias har vore kjøpmann i 70 år. Han har også lagt ned ein stor frivillig innsats, først og fremst i Sykkylven Idrottslag. Han får mykje av æra for både storhall og grasbane i bygda.
I følge Elias er det ingen sensasjon at han blir 85.
- Det skulle berre mangle, seier han, og gir oss heller ferske tippetips:
I Årboka for Sykkylven i 2007 skreiv Thor WIlly Strømme om Elias og Vinjehuset. Ei fin historie med gamle bilder, verdt å sjå!
For eit par år sidan gjorde Sykkylven Idrottslag eit intervju med Elias. Her fortel han om barndom, arbeid og Tysklandsbrigaden: