Klart for kunst

Foto, maleri, tekstil og teikningar. Når 17 lokale amatørkunstnarar stiller ut, er uttrykka mange.

Kornelia Remø Klokk studerer kunst i Skottland. I helga stiller ho ut bilder i Galleri Elvetun. (Foto: Hanne Suorza)

Det er Sykkylven Kunstlag i samarbeid med lilleMINX kulturverksted som i helga inviterer til «Opa Utstilling». Torsdag kveld opnar dørene ved Galleri Elvetun, og fredag også ved lilleMINX.

Ein av utstillarane er Charlotte Tynes Ellefsen. Ho er drivkrafta bak lilleMINX og som styremedlem i Sykkylven Kunstlag jobbar ho for at utstillinga i helga skal bli best muleg.

- Utstillinga er nær, variert og viser mykje engasjement. Her er det også fleire talent som truleg blir å finne med eigne separatutstillingar, seier Charlotte.

På Galleri Elvetun og lilleMINX er det i helga muleg å gjere eit flott kjøp. For amatørkunstnarane er arrangementet viktig av fleire årsaker.

- Denne utstillinga er for mange ein viktig arena for å sjå og bli sett. Som kunstnar møter du eit felleskap og eit stort publikum, og blir forhåpentlegvis inspirert til å fortsette arbeidet, seier Charlotte.

Charlotte Tynes Ellefsen var onsdag kveld i full gang med merking og prising av bilder. (Foto: Hanne Suorza)

For å vekke kunstinteressa i bygda arrangerer Sykkylven Kunstlag no ei vervekampanje. Prisen for eit medlemskap er 150 kroner for eit år/ 200 kroner for ein familie. Nye medlemar er med i trekninga av fire bilder, det første blir trekt komande søndag.

Opningstider for «Opa utstilling» 20. – 23. september:

Galleri Elvetun: Torsdag 19-21. Fredag 19-21. Laurdag og søndag 12-16. lilleMINX: Opnar fredag 19-21. Laurdag og søndag 12-16.

Minikonsert torsdag og fredag med Mathias Utgård og Kristina Roth Kurseth.

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.