Oversikt over kafear og restaurantar i Sykkylven.
Arthur Kaffebar: I Kyrkjegata finn du Arthur Kaffebar som ein del av interiørbutikken Det lille hus. Sjokolade, is, cupcakes og enkelte dagar brødmat frå Lom Bakeri. Servering i bakgård sommartid.
Bankplassen Kiosk og Grillbar: Hamburgar, pizza, påsmurte rundstykker, kaker, sveler og meir til. Eiga avdeling med sittegrupper i kiosken. Har uteområde i sentrum.
Frøken Fryd: Serverer påsmurde baguettar. Frisk salat og søte kaker. Brød og bollar frå bakeriet i Lom kvar fredag. Frøken Fryd sel også interiør, og du finn butikken i Kyrkjegata. Catering.
Fjellseterstova: I vintersesongen kan du ladde batteria på Fjellsetra med søtt, salt, varmt eller kaldt. Bord og benkar inne og ute.
Straumen Kro: Kiosk og servering i Straumgjerde. Meny med både burgar og buffet. Bord og stolar ute, under tak.
Verkstaden Bistro: I sjøkanten på Ikornnes serverer kokken fisk, kjøtt og dessert. Like ved badebasseng og småbåthavn.
Aursnes Kiosk og Bistro: Ved ferjekaia på Aursneset kan du kjøpe hamburgar, biffsnadder og anna fast food.
Bella Mi: Pizzarestaurant i Kyrkjegata i sentrum. På menyen finn du også kjøttrettar. Uteområde.
Chopstick: Asiatisk restaurant og butikk i Strandgata i sentrum. Enkelte dagar lagar kokken husmannskost, slik som sosakjøt og potetball. Bord og stolar ute om sommaren.
marit eide lunde
16. november 2012
Vil takke Dagmara på Vad for eit fantastisk godt tapas måltid i forige veke!! Kjekke damer på sone 2 på BUAS hadde bestilt mat på førehand og vi koste oss veldig! Tapasen anbefalast på det varmaste:)
Hanne
30. november 2012