«Med hjartet på rette staden» går av med sigeren i arkitektkonkurransen for sentrum.
Samfunnsplanleggar Njell Hoftun i Sykkylven Kommune skriv i dag på heimesida til kommunen:
Juryen meiner det ligg eit stort potensiale i eksisterande kvartalsstruktur og i ei naturleg forlenging av denne mot sjø slik at sentrum på sikt tek tilbake den nære kontakten med sjøen som tidlegare prega bybildet.
Juryen har funne det vanskeleg å konkludere med berre eitt vinnarforslag. Ut frå ei vurdering av overordna grep sett i ei langsiktig tidsperspektiv og som grunnlag for ny regulering av sentrum, samlar juryen seg om «Med hjartet på rette staden» som det beste og mest gjennomarbeida forslaget.
Ut frå ein meir prosessorientert synsvinkel, der ein fokuserer på engasjement, inspirasjon og aktivitet, meiner juryen at «Sentrumsglede» også skal premierast.
Juryen for idékonkurransen har avgjort følgjande:
1.pris. Med hjartet på rette staden kr 100.000,- til Dronninga Landskap i samarbeid med Arkitektfirmaet C.F. Møller, ZENISK og Vista Analyse.
2.pris. Topp Torg (Sentrumsglede) kr 50.000,- til Lala Tøyen (tidlegare Lalaland) i samarbeid med Pir II og NIBR.
Vinnarbidraga er tilgjengeleg på kommunen si heimeside under Skaparglede-logoen til venstre på sida. Der finn du også juryrapporten.
nils petter weiberg-aurdal senior
28. september 2012
sikkert godt meint …men kvar i all verda skal folk parkere bilane når dei skal til aure og handle …er i dag så stor mangel på parkeringsplasser i sentrum at dei tilsette på butikkane vert bedne om å parkere vekk frå arbeidsplassane for at kundane skal parkere der …….