Med tanke på miljøet

- Sykkylvingar er miljøbevisste, seier Espen Skrede Høidal. Han er driftsleiar ved Miljøkvalitet på Jarnes og har hendene fulle.

Espen Skrede Høidal er driftsleiar ved Miljøkvalitet. (Foto: Hanne Suorza)

Dagen før vi møter Espen var det 146 bilar innom Miljøkvalitet. Det blei levert inn 40 tonn med avfall på tre timar. Det aller meste var restavfall, som ikkje kan brukast til anna enn forbrenning.

- Er vi flinke til å sortere?

- Det kan folk bli bedre til. Hugs at det blir nye ting av både plast, papp, metall og elektronikk. Dessutan har vi ein krok der folk kan sette frå seg brukte ting som andre kan ha glede av, seier han.

Gjenvinnging og gjenbruk er ein trend i tida. Bruk- og kast-mentalitet er ut. Statistikk viser at brukthandel på Internett brer om seg. Folk sel alt frå klede til koppar og kar. Også på facebooksida «Kjøp/ bytt- gi bort i Sykkylven» er det stor aktivitet. Gruppa har i dag 1630 medlemar.

Miljøkvalitet har ein avtale med bruktbutikken til Asvo Produkt på Stranda. Dei henter, vaskar og gjer gamle varer klare til nytt sal.

- Å handle brukt er miljøvenleg og eit godt alternativ for dei som ikkje har god råd, seier Espen.

Men ved Miljøkvalitet ser Espen at fine ting går rett i avfallskontainaren. Både leiker, møblar og fiskestenger som kan kome andre til nytte.

- I går fekk vi rundt 50 kilo til bruktbutikken. Folk hiv alt! Truleg er ikkje alle klar over at dei kan levere til gjenbruk. Eller så ønskjer dei ikkje at andre skal skal ta over skrotet, seier han.

Miljøkvalitet blei etablert i 2004 og driv mellom anna med renovasjon, transport og husriving. I tillegg kjem innsamling, mottak og sortering av avfall frå næringslivet. Miljøkvalitet driftar den kommunale miljøstasjonen.

På grunn av stor pågang oppmodar Espen om å vise tolmod ved anlegget.

1 comment on this postSubmit yours
  1. Kva med å legge ut ei anbefalt «sorteringsrekkefølge» på nettsidene til miljøkvalitet? På den måten kan vi legge skrot i bil og hengar i ei rekkefølge som gjer det mest mogleg effektivt å få det over i rett container, til fordel for alle. (rasket kjem på rett plass, og det vert mindre ventetid for dei bak oss).

    Er elles godt fornøgd med servicen der ute, både når det gjeld henvendelsar om kvar enkelte ting skal settast, og hjelp til å få tømt bil og hengar raskt og effektivt.

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.