Overnatting i Sykkylven

I Sykkylven bur du nær fjell og fjord. Velg mellom hotell, hytter og camping.

Aursnes Hotell: Bed & Breakfast ved ferjekaia ca. tre kilometer frå Sykkylven sentrum. Enkeltrom, dobbeltrom og leilegheiter. Frukostbuffet. Nokre rom har kjøkkenkrok. Trådlaust nett.

Aursnes Fjordstuer: Sentralt ved sjøen og småbåthamna ligg Aursnes Fjordstuer. Åtte store hytter med stue, kjøkkenkrok, bad og to soverom. Fullt utstyrt. Trådlaust nett.

Sjøbakken Camping: 4 stjerner familiehytter: to soverom, sengeplass til fire personar. Med kjøkken og bad. 2 stjerner: sengeplass til tre eller fire personar. Med kokeplass, utan privat bad. Sjøbakken ligg 1,5 kilometer sør for Aure sentrum. Plass for telt, bobil og caravan. Uttak for straum.

Fjellseter ungdomssenter: Hovudbygget har 40-50 sengeplassar. Senteret har også ei stor og tre små hytter, alle med toalett og dusj. Det er Misjonsungdomslaget som driv senteret ved Nysætervatnet, nær alpinområdet på Fjellsetra. Anlegget blir nytta til leirskule og av frivillige organisasjonar. Vanlegvis ikkje betjent.

Orreneset misjonsenter:  Du kan leige heile eller delar av anlegget, som ligg ved enden av Nysetervatnet. Hovudbygget: sengekapasitet til 15 personar. Garderobe, toalett og dusj. Tre hytter: sengeplass til 70 personar. Dusj og toalett på alle hyttene. Orreneset misjonssenter skal først og fremst dekke Sunnmøre Indremisjon sine behov for leir og andre arrangement.

Utleige: Fleire aktørar i Sykkylven leiger ut hytter og hus. For ei oversikt kan du for eksempel sjå novasol.no

NB! Brabygd.no er ei informasjonside i Sykkylven. For å bestille må du ta direkte kontakt med overnattingstaden.

(Foto: Hanne Suorza)

 

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.