Ho har fått terningkast 5 i Dagbladet og blir omtala som ein av dei beste popartistane i landet. Laurdag kan du høyre Hanne Kolstø på Sykkylven Kulturhus.
Forrige veke lanserte Hanne sitt siste album «FlashBlack». Kritikkane er framifrå.
- Det er ei stadfesting på at eg er inne på riktig spor. Dessutan fører det til at fleire får augo opp for musikken min, som igjen gjer det lettare for meg å fortsette å leve av dette, seier Hanne.
I haust spelar ho i ei rekke byar i Europa. Laurdag kjem ho til Sykkylven direkte frå Madrid. Å spele på heimebane er noko Hanne ser fram til.
- Sykkylven er jo den beste bygda i verda! Det er altfor lenge sidan eg har spelt konsert der. Det er på tide, seier Hanne, som også inviterer til workshop etter konserten.
- Workshopen er ei blanding av «møt artisten» og låtskrivartips og triks. Eg vil vise litt av korleis eg jobbar fram mitt uttrykk. Det er ein workshop meint for å inspirere.
Her kan spirande musikarar få råd om korleis dei kan kome seg opp og fram i musikkbransjen. Det blir også utprøving av ein sampler; ei teknisk maskin som gir spanande mulegheiter for klipp, lim og leik med lyd.
Gratiskonsert og workshop med Hanne Kolstø er sponsa Gjensidige Forsikring, Sparebanken Møre og Sykkylven Musikkråd.
Arrangementet startar kl 19. og er programpost under Musikkfestdagane i Sykkylven, som går av stabelen 21. – 23. september. På programmet står også gatefest i sentrum, konsertar på Verkstaden Bistro, Kulturhuset og Cylindra.
Følg med på brabygd for meir informasjon om Musikkfestdagane.