Sentrum: sol, sang og saft suse

Sykkylven Musikkråd står snart klar med kaketelt og underhaldning i sentrumsgatene.

Åge Frøystad, Terje Riksheim, Sigurd Johan Saure og Knut Vik er tidleg oppe laurdag morgon. Kjell Stave var også tilstade. (Foto: Hanne Suorza)

I dag, laurdag 22. september, frå klokka 11 – 14, kan du sjå og høyre Sykkylven Skulekorps, Straumshorn/Velledalen Skulekorps, Sykkylven Janitsjarorkester, musikkgruppa Saft Suse, unge solistar og seniordans på Aure.

Blant dei lokale talenta er Emma Olin Hunhammar Eikrem og Viktor Ystenes Fauske.

Musikkrådet er i morgontimane i full gang med å rigge scene og lyd. Planlegginga av Musikkfesten starta allereie i mars, og leiar Åge Frøystad var spent på om veret i september skulle halde til utandørsfest…

Det ser ut til å bli ein flott haustdag i Sykkylven!

- Vi ønskjer at musikkfesten skal vere eit positivt bidrag til eit trivlegare sentrum, og at vi kan strekke sommaren litt lenger, seier Åge.

I dag blir det kaffe og kake på Vad. Musikkscena kjem på plass i bakgrunnen. (Foto: Hanne Suorza)

Sykkylven musikkråd har sidan 50-talet hatt årlege song- og musikkdagar. I starten som ein stemnedag på stadion. Seinare innandørs, og som ein del av Sykkylvdagane. I år er også profesjonelle artistar med, i tillegg til lokale song- og musikkgrupper. No tenker Musikkrådet festival.

- Eg trur bygda treng ein haustfest og vi vil arbeide for ei form for festival også neste år, seier Åge Frøystad.

Opplev Musikkfesten i Sykkylven:

I kveld er det konsert med Hanne Kolstø kl. 19 på Kulturhuset. Konsert med Steinar Raknes kl. 21 på Verkstaden Bistro. Sykkylven Storband og vokalist Kristina Roth Kurseth speler etter Raknes.

Søndag er det musikk i kyrkjene og festkonsert på Kulturhuset kl. 19.

Brabygd har denne veka følgt Musikkfestdagane og skrive om Jazzkveld, Cylindra og Pop på laurdag.

 

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.