Søtt hos Arthur

- Fine cupcakes høyrer heime her. Dei er romantiske og passar inn i interiøret, seier Elisabeth Riksheim Aure.

For fem år sidan starta ho butikken Det Lille Hus i Kyrkjevegen. I juni i år opna ho kaffebaren Arthur i same lokale. Den har heile tida vore ein del av planen.

Ein miks av gamalt, nytt og ein sjarmerande bakgård gjer Arthur varm og moderne. Elisabeth har teft. Ho har skapt ein butikk og kaffebar som like gjerne kunne lege i Roma eller New York.

Disken hos Arthur er fylt med søte fristelsar. I dag går vi for cupkakes, både sjokoladevarianten og den med ost og jordbær. Dei små kakene med fargerik pynt er laga av Monica Monica Yvonne Hagen. Ho har gått skule for å lære konditorfaget.

Lekkerdisken. (Foto: Hanne Suorza)

Monica lagar gjerne kaker på bestilling. Du kan sjå bilder av bakverka på facebooksida hennar. Det var slik Elisabeth kom i kontakt med Monica.

- Eg bestilte kake til barnedåp. Det var ei fantastisk kake inspirert av Gråtass. Eg har ikkje sett makan, seier ho.

Søt er også iskremen ved Arthur. Kulinaris blir laga på Kolbotn, og du får kulene i mange smakar. Kva med tiramisu, sorbet, pistasj eller cookies&cream?

Sjokoladen frå Choco plaisir er handlaga i Brattvåg. Kanskje har du lest om den i bladet Kamille eller VG? Sjokoladebitane har navn som bærtur, snøtopp, sjøsprøyt, chill out og frisk bris. Den er nydeleg til kaffe og ei fin gave.

Elisabeth synest det er kjekt å handle norsk, gjerne lokalt.

- Eg synest det er ei sjølvfølge. For folk som kjem til bygda er det kjekt å handle noko som er laga i området, noko utanom det vanlege. Difor vil eg heller tilby sjokolade frå Brattvåg enn frå Belgia. Vi må vere stolte av bygda og plassane rundt oss, seier Elisabeth.

Monica Yvonne Hagen byr på kaker og kaffe. (Foto: Hanne Suorza)

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.