Sprek i fjøre og fjell

- Sykkylven er i ferd med å bli ein skikkeleg turkommune, seier folkehelsekoordinator Lars Petter Vemøy.

Tre fjellfantar på veg til Aurdalsnibba. (1126 m.o.h.) Frå venstre: balansekunstnar Patrik Tafjord, og brørne Trym og Martinus Vemøy. (Foto: Lars Petter Vemøy)

Lars Petter er primusmotor for turpostkonkurransen «Frå fjøre til fjells» (FTF) som blei arrangert for første gang i 2010. Målet med tiltaket var å få fleire ut på tur i den flotte naturen vår.

Det har kommunen lukkast med.

- Fjella er ikkje berre noko for dei sprekaste, men faktisk fullt oppnåeleg for dei fleste. Mange melder at dei oppdagar den flotte bygda frå fleire nye plassar, noko dei ikkje hadde gjort utan FTF, sier Lars Petter.

I år er 12 turmål, som er geografisk spreidde i bygda, valgt ut. Dei strekk seg frå fjøra til dei høgaste toppar. Flesteparten av postane kan du nå på ein ettermiddag- eller kveldstur.

Utsikt frå Sandvikshornet. (876 m.o.h.) (Foto: Hanne Suorza)

FTF starta 1. mai og blir avslutta 1. oktober. Lars Petter nevner mange gode effektar av tiltaket.

- Fleire har meldt at dei har endra livsstilen ved å gå meir på tur, andre melder at dei går mykje meir på tur no enn før, og nokre har til og med gått ned i vekt av det heile, seier han.

Første året FTF blei arrangert var det nesten 700 deltakarar. I fjor var 1050 barn, vaksne, eldre par og pensjonistar med. Dei fleste frå Sykkylven, men også familiar i Ålesund tok del i konkurransen.

20 juni i år var det 850 registrerte deltakarar. Lars Petter trur på ny rekord.

- Fleire går turane, noterer koden og kjøper seg kort på slutten av sesongen for å vere med i trekninga. Det er fullt muleg, og dermed kan det bli mange også i år, seier han.

I midten av oktober blir konkurransen avslutta med sosial kveld på kulturhuset. Det blir premieutdeling, lysbildeframvisning frå turane, kaffe og kaker.

FTF blir arrangert av Sykkylven kommune i samarbeid med idrettslaga og sportsbutikkane i Sykkylven. Turkort får du kjøpt ved Fokus Sport og Intersport. Inntektene går til premiar. I tillegg bidrar nokre sponosrar med ein premie kvar.

Turmåla i 2012 er Megardsdalen, Vindsneset (Veltneset), Klokksætra, Rømerhornet, Årssetra, Aurdalsnibba, Hundatinden, høgda i Straumsheimdalen, Dravlausnykjen, Løsethornet, Skjortehornet og Storevatnet ved Brunstadkollen.

Turbeskrivingar finn du på korta.

Hammersettindane sett frå Straumshornet. (976 m.o.h.) (Foto: Hanne Suorza)

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.