130 år: – Sykkylven Blandakor gjer livet rikare

 Laurdag 3. november feirar Sykkylven Blandakor 130 år med konsert på Sykkylven kulturhus. Lindis Utgård har vore med dei siste 25, og kan ikkje tenke seg eit liv utan.

2012: Sykkylven Blandakor på jubileumstur i vår. (Foto: Sykkylven Blandakor)

Sykkylven blandakor blei stifta i 1882 og er eit av dei eldste i landet. Mange av medlemmane har sunge i koret i ei årrekke.

- Eg vaks opp med klarinettpolka og susamarsjar som far min spelte, seier Lindis Utgård.

- Det påverka mi musikalske vandring, og evna til å formidle gjennom eit bevisst kroppspråk. Å utfolde seg i korsangen sitt register er så givande, at eit liv uten korsang er utenkjeleg for meg.

1953: Sykkylven Blandakor med dirigent Ludvik Kvamme. (Foto: P.P. Lyshol)

Lindis seier at den lange historia til koret viser at at folk i bygda har vore oppteken av song og musikk i svært lang tid.

- Det er kultur som spreier glede og gjer livet rikare for oss alle, seier ho.

- Kva er ditt beste minne?

- Det er berre gode minner. Men å synge i Sykkylven kyrkje første juledag i snart 25 år er fantastisk stemningsfullt. Det beste minnet er likevel då vi sang «Ditt minne mor» i kyrkja i mai. Songen er komponert av bestefaren min, Karl Hatlemark. Det var ein sterk opplevelse for meg.

I dag er det 24 kvinner og 9 menn som syng i Sykkylven Blandakor. Totalt 33 medlemmar frå 35 til 67 år. Lindis forklarar styrken til koret med tre ord: kunnskap, songglede og felleskap.

- Har koret nye planar?

- Sykkylven Blandakor er reiselysten. I slutten av februar tar nokre medlemmar turen til Spania for å delta på Norges Korforbund sitt seminar. Elles har vi mange planar om spanande musikalske prosjekt i 2013. Dersom nokon går med ein songarspire i magen, så er dei velkomne i Sykkylven Blandakor. Der blomstrar den vakkert ut, seier Lindis Utgård.

1925: Program for konsert 7. juni 1925. Konsertpris 25 øre. Dette er eit verdifult papir for Lindis.

Humor: Sykkylven Blandakor har hatt fleire revyar. Her er Lindis på scena på Sykkylven Kulturhus. (Foto: Sykkylven Blandakor)

Revy: Sykkylven Blandakor på 90-talet.  (Foto: Sykkylven Blandakor)

1 pingback on this post
Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2019 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.