I Ekornes kan du velge mellom 80 ulike yrke.
- Breidde er viktig, seier koordinator Karin Håvik Eide. Ho viser fram ei oversikt med 80 karrieremulegheiter innan økonomi, teknikk, ingeniørfag, design, service, produksjon, IKT, økonomi, marknadsføring og sal.
I Ekornes aukar mangfaldet og samhandlinga mellom avdelingane.
- Det er bra for bedrifta med fleksibilitet. Og det er bra for helsa å variere arbeidet, slår ho fast.
Ei av dei som har ein spanande kvardag er Ladja Harokova fra Tsjekkia. Ho arbeider i stålavdelinga, men i fjor fekk ho tilbod om å jobbe ein dag eller to i respesjonen. Då greip ho sjansen.
- Det er fantastisk å få variasjon, seier Ladja, som er utdanna lærar, og snakkar norsk, engelsk, tysk, tsjekkisk, litauisk og slovakisk. I resepsjonen har både ho og bedrifta glede av språkkunnskapane.
Karin organiserer rundt 120 kursdagar i året. I Ekornes er heile 40 nasjonar representert. Mange er nye i Norge og treng norskopplæring.
- Språk handlar om sikkerheit, kommunikasjon og om å fungere sosialt, forklarar Karin, som også gir kurstilbod til alle nyansatte, mellom 60-70 personar i året. Samtidig arbeider ho med tilrettelegging for lærlingar, og for alle som tar fagbrev. I år har Ekornes 19 lærlingar fordelt på sju fagområder.
Produksjonen i Ekornes blir stadig meir krevjande og avansert. Tempoet aukar. Det gjer at bedrifta har behov for spissa kunnskapar.
- Å bygge kompetanse, slik at vi kan løyse nye utfordringar med til dømes robotar og symaskiner sjølve, er viktig, seier Karin.
Bedrifta nyttar ofte interne krefter i opplæring og kurs.
- Det er læring i å stå framfor ein kollega og forklare. Det er bevisstgjerande. Når du får spørsmål om korleis og kvifor du gjer det på den måten, fører det til at du reflekterer over arbeidet.
- Kva med e-læring?
- Det er eit godt supplement. Men det passar ikkje for alle typer operasjonar, og ikkje for alle typer menneske. Du kan ikkje lære å bedømme ei hud på Internett. Nei, det ser eg ikkje for meg, seier Karin Håvik Eide.