Fint driv

I Sykkylven sentrum teiknar Åse og Karl Magnus nye butikkar til heile landet.

Driv Design: Karl Magnus Eriksen og Åse Fet. (Foto: Hanne Suorza)

- Vi bestemte oss for å halde fram i vår bransje, sjølv i ei lita bygd som Sykkylven, seier Åse Fet.

Saman med Karl Magnus Eriksen frå Stranda, flytta ho frå Oslo tilbake til heimbygda i 2004. I ei hytte på Ringstadsætra fekk dei ideen med å etablere Driv Design, ei bedrift med butikkdesign og butikkinteriør som spesialfelt.

- Det har gått over all forventning å ha Sykkylven som base, seier Åse, som i det siste har arbeidd med eit spanande prosjekt. Ein motebutikk i Trondheim opnar i dag, torsdag 4. oktober, i eit nytt og stort kjøpesenter.

Driv Design har hatt jobben med å gi butikken form, lys og innreiing. Som totalleverandør er det viktig med kvalitet, gode designløysingar og stødig prosjektstyring.

Nytt: skisse av butikken Vienna i Trondheim. (Foto: Driv Design)

Butikken i Trondheim går inn i rekka av oppdrag frå Tromsø i nord til Kristiansand i sør. Blant lokale prosjekt finn vi mellom anna Matbuda på Stranda, Dale-butikkane i Ålesund og Traktøren på Moa.

Åse og Karl Magnus har begge over 20 år med erfaring i bransjen. Dei synest det er flott å kunne arbeide mellom fjell og fjord, og ikkje nødvendigvis i ei travel bygate. Med prosjekt i heile landet er det også viktig å reise for å treffe kundar og hente inspirasjon. Paret er oppdatert på det som skjer, også i utlandet.

- Vi hadde truleg vore meir synleg og tilgjengeleg for mange i Oslo. Men vi har funne vår nisje, med kundar som er dyktige og kunnskapsrike kjøpmenn. Dei gir oss spanande oppdrag som vi gjer vårt ytterste for å løyse og fullføre på ein god måte. Det gjer vi like bra i Sykkylven som i Oslo. Her har vi nok luft og spelerom, seier Åse.

- Kvifor flytta de frå Oslo til Sykkylven?

- Med små barn betyr det mykje å vere nær familie. Det gjer også naturen, eit trygt oppvekstmiljø og det å ha eit mindre hektisk liv, seier Åse.

I Sykkylven har Driv Design jobba med grafisk profilering, private boligar, produktdesign og innreia servicetorget til Sykkylven kommune.

- Kva med å gi nokre av butikkane på Aure eit løft? Vil de takke ja til ein slik jobb?

- Ja, sjølvsagt. Dersom nokon av dei forretningsdrivande ønsker vår hjelp, vil vi gjere vårt beste for å løyse eventuelle oppdrag på ein god måte, seier Åse Fet.

Fargerik: Butikken Retro finn du i mange av dei største byane i landet. Det er Driv Design som teiknar butikkane, mellom anna denne i Kristiansand. (Foto: Driv Design)

 

2 total comments on this postSubmit yours
  1. Flinke Åse og Kalle! Alt de gjør blir lekkert!!

  2. Kjempekult! Eg skal innom Sirkus Shopping og sjekke ut Vienna så snart kaoset har roa seg etter åpninga i går… ;-)

1 pingback on this post
Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.