- Fotoframtida er tett på

Gjennom zoomen til Arild Solberg ser vi bygda heilt sylskarp.

Sjå for deg fjellet. Deretter ei hytte. Så vindauget. Gjennom glaset ser du møblar og bøker. Klikk for klikk kjem du tett på.

Fotograf Arild Solberg er lidenskapleg opptatt av teknikk og utvikling. Han fotograferer Norge frå helikopter og bakkeplan. Deretter syr han bilda saman og tar oss med på ein 360 grader foto-rundtur i fjord og fjell.

Arild Solberg med kamera i korga. (Foto: Arild Melchiorsen)

I Sykkylven har Arild sett saman 18 bilder av landskapet. Med kjappe klikk flyttar vi oss frå Aurenakken til Stavekollen. Ut til Aursneset og fram i Velledalen. Ein god zoom gjer susen.

(Foto: Arild Solberg)

- Eg må vere pinleg nøyaktig, seier Arild, som tar 20-30000 bilder i året.

Siste tida har han fått i oppdrag å fotografere butikkar, fabrikkar og galleri frå innsida. Såkalla virtuelle showroom.

Det dreier seg mykje om tempo og teknikk. Store bildefiler skal komprimerast slik at dei er tydelege også på iPad og iPhone.

- Problemet er at det blir enorme mengder data, seier Arild, som nyttar eit mellomformat Hasselblad-kamera med store sensorar og 50 millionar pixlar. For eit best muleg resultat er han innom minst 10 ulike programvarer. Alt frå Photoshop, HTML5 og Dreamweaver.

Arild er klar til å ta 360 grader-prosjektet vidare. For å lukkast ønsker han løyve til å lande med helikopter i fjellet.

- Kva moglegheiter ser du med prosjektet?

- Det er kun opp til fantasien. Kva med å dokumentere heile Norge frå lufta? Har du tenkt på alle dei eldre som ikkje har kome seg rundt, og som da kunne få sjå landet? spør Arild, som i sommar køyrde Norge på langs og kom heim med 8000 fotografi.

- Og kva med å bruke foto i staden for kart? legg han til. På bilda kan du legge inn teikningar i 3D, utbyggingsplanar og framtidsdraumar for til dømes Aure sentrum. Bilde med GPS gjer det også enkelt å spore kvar du har vore. Det er fullt muleg å supplere Google Earth, trur Arild Solberg.

Arild redigerer bilder i fotostudioet på Vik. (Foto: Hanne Suorza)

(Foto: Robert Kvam)

360 grader bilder av bygda ser du på nettsidene til Sykkylven Næringsutvikling.

2 total comments on this postSubmit yours
  1. For ikkje å gløyme Lars Arild Rokseth og Rolf Ståle Barstad som hjalp til med å ta nokon av desse bileta.

    • Ja – ære den som æres bør:)

2 total pingbacks on this post
Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.