Fredag: Stine syng Time To Say Goodbye

- Eg både gruar og gler meg. Vi veit aldri korleis programmet blir klipt, seier Stine Hole Ulla. I kveld, fredag 12. oktober, ser du henne i Norske Talenter på TV2.

Sangtalentet reiser i dag til Bergen for å sjå programmet saman med broren Fredrik, som bur der. Det var han som melde lillesøstera på konkurransen. Stine blei både overraska og glad. Ho hadde aldri gjort det sjølv.

I kveld får vi sjå og høyre henne synge Time To Say Goodbye. I første audition rørte ho både publikum, programleiarar og dommarar med sangen O mio babbino caro:

Alex Rosén blei heilt forstumma. «Det var nydeleg!» sa han. «Du kjem til å gjere det bra i denne konkurransen her» meinte Adin Khan. Mia Gundersen følgde opp med «Stine, du har ei aldeles nydeleg klang i stemma di. Det er stemma di som verkeleg, verkeleg er din kvalitet.»

-Eg var redd for at dei skulle trykke X, seier Stine og legg til:

- Men eg valde å sjå på deltaginga som ei lærerik erfaring uansett utfall, og hadde fokuset på det. Dei var heldigvis greie med meg.

- Korleis er det å delta i Norske Talenter?

-Eg har hatt blanda følelsar, det er utanfor komfortsona mi og har vore litt skummelt. Men all den positive merksemda og støtta eg har fått etter første audition har gjort meg tryggare. Det sett eg stor pris på, seier Stine, som bur på Ikornnes og går i andre klasse ved Sykkylven Vidaregåande Skule.

Operatalentet har sidan åttande klasse også vore elev ved kulturskulen i heimbygda. Lærar er Jostein Maude.

- Kulturskulen har gjort veldig mykje bra for meg, det var dei som søkte meg til Trondheim, seier Stine. Der tar ho del i undervisningsprogrammet Unge Musikere ved NTNU, som gir spesielt talentfulle ungdommar i alderen 13–19 ekstra utfordringar og mulegheiter.

- Kva seier dei heime?

- Dei rundt meg synest det er spannande og gler seg over det som har vore. Dei støttar meg i både oppturar og nedturar. Og held meg på bakken viss eg svevar litt, seier Stine Hole Ulla.

Dersom det blir ja frå dommarane i kveld, kan vi sjå fram til direktesending og delfinalar.

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.