-Dette er rett og slett mitt soundtrack, seier Hilde Louise Asbjørnsen om albumet som kjem 19. oktober.
Etter 10 år på scena som skodespelar og jazzartist gir ho ut si første plate på sykkylvsdialekt.
- Eg kjenner at dette er eit album som gir sterkare gjenklang i mine innarste referansar enn nokon gang tidlegare.
Det handla om å finne pennen på nytt, i følge artisten:
- Ei intens skrive-reise til New York gav meg avstand og ro til å finne «pennen» på nytt på eiga dialekt. Det var ein vanskeleg prosess. Etter fem solo-plater på engelsk skulle eg finne mitt musikalske uttrykk igjen, i eit språk med heilt andre referansar.
Låtane skreiv Hilde på eit loft i Soho i New York, og utarbeida dei vidare i eige studio i Møllergata i Oslo.
Det nye albumet har tittelen Månesjuk:
- Tematisk handlar det om villfarne draumar, om å sleppe taket og gi etter, og å forsøke å finne tilbake etterpå, seier Hilde Louise Asbjørnsen.
Artisten frå Sykkylven har hausta lovord i pressa for sine tidlegare album:
VG, Carl Peter Oppsahl: «..en sann jazzdiva, med en funklende kombinasjon av musikalitet og treffsikker skuespillerkunst.»
Aftenposten, Svein Andersen: «Hilde Louise Asbjørnsen er et unikt talent. Hun er en gudbenådet underholdnings- og kabaretartist, men også en framifrå jazzsangerinne og låtskriver.»
Du kan høyre Hilde Louise:
06.11.2012 STRYN KULTURHUS 07.11.2012 ØRSTA KULTURHUS 08.11.2012 PARKEN, ÅLESUND 09.11.2012 BAR ALEX, MOLDE 10.11.2012 STORFJORD KULTURHUS, STRANDA
Brabygd kjem tilbake med smakebit frå den nye plata.