Søndag: om Petrine, Jens Petter, Martin og livet på Ekornes

Korleis var møbelmiljøet i Sykkylven på 90-talet? Ta turen til Ekornes for nære historier, alvor og skjemt.

Veneforeininga til Norsk Møbelfaglig Senter har invitert Arve Ekornes og Jarle Tusvik til å fortelje om møbelmiljøet i Sykkylven på 1990-talet. Møbelveteran Roar Hauge-Nilsen vil orientere om møbelbransjen nasjonalt.

- Eg tar fram historier om særpreget til personar eg har møtt, og om livet i ein fabrikk. Det blir forteljingar om fantepretter som eg og andre har vore med på, seier Jarle Tusvik.

Han har arbeidd ved Ekornes sidan 1960. I produksjonen fram til 1970, seinare med planlegging, sal, som sekretær og no med informasjonarbeid.

Jarle fortel at 90-talet blei starten på den nye oppgangen for Ekornes. Jens Petter kom tilbake til fabrikken i juni 1990. Han hadde med seg ny styreformann, Olav Kjell Holtan, som var innsett av Kredittkassen.

90-talet var også starten på det nye teknologiske eventyret. Det har resultert i større fabrikklokale og robotar, som det i dag er over 100 av i fabrikkane til Ekornes.

I tillegg er rasjonalisering i produksjonen og auka marknadsatsing stikkord for 90-talet. Like så etablering av eigne selskap for sal rundt om i verda.

Jarle har mange historier på lur. Han deler gjerne med brabygd.no:

I tidlegare tider var det vanleg at det kom fiskebåtar inn til fabrikken for å selje fisk. Denne dagen kom det ein båt og selde sild. Han som pakka divanar* hadde vore nede på kaia og handla. Tilbake på arbeidsplassen pakka han silda inn i likt papir som det han pakka divanbeina i. Den innpakka silda plasserte han i same hylla som desse møbeldelane. Slik skulle pakken vere lett å hugse når han gjekk heim. Ei drøy veke seinare kom Martin Ekornes ned i fabrikken og fortalde at han hadde motteke ein telefon frå ein møbelhandlar, som hadde takka for silda. Det var berre det at sildebeina var for svake til å bere divanen. Og det hadde difor vore fint om Ekornes kunne ettersende divanbein slik at han kunne få selt sofaen…

*Divan (persisk) er ein sofa som ikkje har ryggstøe eller armlener.

Høyr fleire historier i kantina på Ekornes i dag, søndag 28. oktober, klokka 17. Musikk ved Credo Brass. Gratis inngang.

(Framsidefoto: www.ekornes.no)

 

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.