Laurdag er det på med lederhosen og tyrolerflette. Det er klart for oktoberfest på Verkstaden.
- Det er sjuande gangen vi arrangerer oktoberfest. Det har blitt ein tradisjon, seier Lidvar Kurseth ved Verskstaden Bistro på Ikornnes. Laurdag, 20.oktober, venter han stinn brakke med 300 gjestar.
Tradisjonen tru stiller bygdefolket svoltne på øl og pølse. Lidvar har 1500 liter på lager og 60 kilo bratwurst, krakauer, wiener og grill.
Dørene opnar klokka 21. Sykkylven Janitsjarorkester bles det heile i gang, slik som kvart år.
- Det er alltid eit høgdepunkt med ompa-ompa og svingande allsang. Messingblåsen gir god stemning, folk svingar med glasa og syng frå sangheftet, seier Lidvar, som har rigga til eit ekstra telt med golv og scene. Ut på kvelden blir det musikk og dans med sykkylvsbandet Free Bird.
Billetsal blir kun på døra. For å unngå kø foreslår Lidvar at flest muleg betaler kontant.
- For eit par år sidan var her så mykje folk at det stod att jenter med lange lyse fletter, fregner og tyrolerantrekk. Men eg trur dei kom seg inn til slutt, minnast han.
Oktoberfest er ein tradisjon som kjem frå Bayern i Tyskland. I følge oktoberfest sine nettsider starta historia 12. oktober i 1810, då kronprins Ludwig gifta seg med prinsesse Therese av Saxony-Hildburghausen.
Festlegheitene blei etterkvart ein festival for heile Bayern. Dei første tiåra med lite underhaldning, men i 1818 blei det satt opp karusell og disser. Etterkvart kunne tyskarane slukke tørsten i øltelt, og hygge seg i matboder, på marknad og tivoli.
I dag er Oktoberfesten verdas største festival. Over seks millionar menneske besøker Oktoberfesten i Munchen kvart år. I 2006 var det 100 000 turistar frå Japan som reiste til Tyskland for å delta på Oktoberfest.