Torsdag: 8000 år med lokalhistorie

Kor mykje veit vi eigentleg om funna på Auremarka? I kveld, torsdag 24. oktober, tar vi turen tilbake til Vikingtida.

Det er musea i Sykkylven som inviterer til historisk vandring. Arkeolog Heidi Albertinesdatter Haugene frå Godøy Kystmuseum vil lære oss om busetnad, levevis og dei unike funna som er gjort i Aure sentrum. Vi får sjå gjenstandar som er typiske for kvar epoke.

Avdelingsleiar Magnhild Vatne ved Naturhistorisk Museum fortel at busetnaden i Sykkylven flytta etter kvart som havet trekte seg tilbake. Det har gitt Aurefløten eit konsentrert arkeologisk område der ein i dag kan spasere gjennom 8000 år med historie i løpet av fem minutt.

Arkeolog Heidi Albertinesdatter Haugene vil i kveld fortelje om kulturminna på Auremarka. (Foto av Haugene er lånt av Naturhistorisk Museum)

Vandringa startar klokka 19 ved den 8000 år gamle steinalderbuplassen nær Strømmefabrikken i Storgata. Turen går vidare frå bronsealder (1800 – 500 f. Kr) til jarnaldertuftene der den 57 meter lange gildehallen låg ved Kapraltunet. Dette er ei av dei største bygningane frå førhistorisk tid som vi kjenner her i landet. Vandringa endar opp i kyrkjeparken. Der blir det servert varm mat, slik som dei gjorde i vikingtida.

- Kva er vikingmat?

- Dette trur eg må vere ein hemmelegheit, men dei som kjem får noko varmt i kroppen. Det er Arve og Margit Yndestad som står for serveringa. Dei er med i Møre frie vikingar, og kan mykje om dette.

- Kva er bra med denne kvelden?

- For musea er dette nyskapande, noko vi kan få til med felles interesse for formidling av natur- og kulturhistoria til bygda vår. Vi får også vise at vi er ein del av eit større museumsfellesskap med mange dyktige kollegaer i Stiftinga Sunnmøre Museum. Men aller mest håper vi at folk går heim med større kunnskap om den 8000 år gamle busetnadshistoria i Sykkylven, og gode opplevingar.

- Kvifor arrangerer de ei historisk kveldsvandring?

- Vi ønsker å feire at Sykkylven Naturhistoriske Museum no skal flytte frå Elvetun på Vik til sentrum. I løpet av 2013-2014 bli vi samlokalisert med Norsk Møbelfaglig Senter. Lokala ligg i Strømmefabrikken, like ved alle desse tre påviste buplassane.

- Det skal bli ein stemningsfull tur blant tufter og fornfunn opplyste av faklar og levande lys, håper vi. I førre veke testa vi oppsetting av faklar, og det vart eit spesielt syn i kveldsmørket. Vêrmeldingane er ikkje av dei beste for kvelden, men vi arrangerer uansett, og har ein reserveplan om vêret gjer det umogleg å gjennomføre utandørs. Så det er berre å møte opp uansett vêr, seier Magnhild Vatne.

 

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.