Idrettskule: spanande sport for 27 små

Kvar tysdag er 27 born med på idrettskule i Sykkylven. Dei får prøve ulike idrettar i gymsal, i skog og mark, på snø eller i basseng.

August Bjørnstad får instruksjonar av Marita Mandal, som er utdanna idrettspedagog. (Foto: Hanne Suorza)

Det er Marita Mandal som leiar idrettskulen. Ho er godt hjelpt av dei ulike laga i bygda. No har bordtennisgruppa instruert i tre veker, komande tysdag tar symjeklubben over.

Målet med ein idrettskule er å gi borna eit godt grunnlag for val av idrett.

- Eg synest det er for tidleg spesialisering i ung alder. Fotballen tar for mykje plass. Mange meiner at det berre er fotball og ski her i bygda, men det stemmer ikkje. Det er viktig å vise mangfaldet av aktivitetstilbod, seier Marita.

Det er første og andre klassingar som har tilbod om vere med på idrettskule.  Dei får prøve seg på turn, bordtennis, symjing, langrenn, dans, fotball, orientering, handball og trimgruppe med tur i mørket.

Det er litt fleire jenter enn gutar med.

-  Det er viktig at borna finn noko dei likar å halde på med. Ofte er det vi foreldre som avgjer kva dei skal drive med, seier Marita og legg til:

- Korleis kan du vite at du ikkje likar bordtennis dersom du aldri har fått prøvd det?

Øvst til venstre: Live Serianna Vold Sørensen. Høgt og lavt i ribbeveggen på Ullavik Skule. Nede til høgre: Sofie Kolås. (Foto: Hanne Suorza)

 

 

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.