- Ikke fjorden, ikke fjellene…

 Sitatet er skrive av Kristofer Randers. Kven var han?

Randers (1851 – 1917) blei fødd i Aremark, men voks opp i Salten og Ålesund. Han gav ut fleire diktsamlingar og arbeidde som teaterkritikar i Aftenposten i tida før og like etter 1900.

I 1890 gav han ut Søndmøre. Reisehaandbog, på oppdrag av ei nystifta Aalesund-Søndmøre Turistforening.  Seinare blei han heidra som den aller første æresmedlemmen av turistforeininga.

Boka har blitt trykt opp i moderne språk fleire gangar, sist i 1989.

Seinare fekk han «Randers topp», ein av fjelltoppane i Molladalen i Ørsta, oppkalla etter seg.

I 1951 blei Arnold Haukeland sitt monument over Kristofer Randers sett opp på Aksla i Ålesund.

(Kjelde: Store norske leksikon)

 

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.