Konsert laurdag: – blås støvet av instrumentet og bli med i SJORK!

- Vi håper at fleire vil finne fram gammal speleglede og bli med i korpset. Det er oppfordringa frå Sykkylven Janitsjarorkester (SJORK) før konserten i morgon, laurdag 27. oktober.

Magne Nilsen, Liv Marie Lillevik og Filip Ngyen Solheim. (Foto: Hanne Suorza)

- Å spele i korps er ein positiv hobby, som ikkje har reservebenk eller øvre aldersgrense. Vi har eit godt sosialt og musikalsk miljø, seier Liv Marie Lillevik. Ho starta i skulekorpset heime på Sandnes i Rogaland som niåring. I dag er ho kornettist og styremedlem i SJORK.

- Andre drikk tran og et ymse tablettar for å få overskot. Eg tek meg ein tysdagskveld på kulturhuset i lag med korpset. Det gjer meg aller best, seier ho og oppfordrar fleire til å gjere det samme:

- Eg skulle ønskje at fleire fann fram lysta og starta i korps att. Det er så mange i Sykkylven som har spelt i korps og har gode minner frå det. Vi blir færre i korpsa. Tenk om vi kunne vore meir i lag og hatt det enda kjekkare. Det kan vere mange tilflyttarar som ikkje veit at vi har øving tysdagane på kulturhuset.

Tre generasjonar i samme korps. Ingrid Hatlemark har spelt i korps i Sykkylven i 50 år. Her er ho saman med dottera Gro Thoresen og barnebarnet Magnus Thoresen. Yngstemann har klar tale: – Det er kjekt å spele! (Foto: Hanne Suorza)

Laurdag er det showonsert med storband- og popmusikk. Liv Marie håper konserten blir ein treffstad med god underhaldning.

- Ofte høyrer vi at folk saknar tilbod for vaksne. Det gjer vi noko med denne kvelden. Samtidig får vi vist oss fram og har moglegheit for å kunne tene litt pengar på det vi er best til, nemleg speling.

- Kva kjenneteiknar god janitsjarmusikk?

- Det er avhengig av korpset sitt nivå og kva dei liker best. Når musikken og korpset “finn” kvarandre er det meste bra for janitsjarkorps. Det er veldig individuelt kva folk liker.

På laurdag speler SJORK kjend musikk av mellom andre Odd Norstoga, Freddy Mercury og George Gershwin. Vi får også høyre solistinnslag. Dirigient er Marianne Slyngstadli. (framsidefoto) I sitt repertoar har SJORK også julesongar, kyrkjemusikk, marsjar til 17.mai og klassiske notar.

(Foto: Hanne Suorza)

(Foto: Hanne Suorza)

Sykkylven Janitsjarorkester (SJORK) vart skipa i 1921 og heitte då Musikklaget Lurlåt. I 2006 endra korpset namn til Sykkylven Janitsjarorkester. I dag har SJORK omlag 30 aktive medlemmar i aldersgruppa 14 til 70 år, og øver kvar tysdag på Sykkylven Kulturhus. Korpset held fleire større konsertar gjennom året og deltek også ved ulike lokale arrangement i bygda.

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.