Kven var Arthur og Vad?

 Kafeane Arthur og Vad er oppkalla etter kjær slekt. Elisabeth Riksheim-Aure og Emte Aure fortel om namnevala.

Emte Aure etablerte kafeen Vad for fire år sidan. Vadhuset har vore i familien til Emte sidan 1906. Då kjøpte Petter og Lovise Vad nokre hus i sentrum. Husa gjekk tapt under Aurebrannen i 1939, og ekteparet sette opp Vadhuset slik vi kjenner det i dag. Petter kom frå Stordal, der han møtte Lovise frå Knutgarden på Aure. Dei var besteforeldre til Oddbjørn Ramstad og Grethe Ramstad Fet.

Petter og Lovise Vad bygde huset der kafeen ligg i dag.

Emte fortel:

- Trass i at vi flytta frå Vadhuset då eg var eit år, føler eg likevel tilknytting til huset. Eg har ikkje tal på alle historiene eg har fått høyre om livet der. Her budde heile gata si bestemor, Lovise Vad, på loftet. Ho må ha vore eit hjartevarmt menneske av dei sjeldne. Nygifte Eldar og Oddny Bergmann budde på kvisten. I etasjane under budde rause Rakel og stillfarne Ole Midtbust. Der vart det steikt og baka. Alle fekk smake! Perfeksjonisten Ola og den oppofrande husmora Gunnvor Longva budde i ei leilegheit. Familien Ramstad, dei inkluderande huseigarane, hadde ei leilegheit og altså mine foredre ei anna.

Husværa hadde eit soverom og eit lite bad. Her budde foreldra mine med tre døtre og mamma si gamle mor. Far min hadde svært dårleg helse desse åra og mamma var aleine om ansvaret for butikken. Likevel skildra dei livet i Vadhuset med stor entusiasme.

Eg kan ikkje forstå anna enn at atmosfæra i dette huset var prega av sjenerøsitet, hjartevarme, omtanke og takhøgde. Litt av denne atmosfæra hadde eg som mål å vidareføre på Vad.

Arthur Riksheim set preg på interiøret i kaffebaren. (Foto: Hanne Suorza)

Arthur Kaffebar opna i juni 2012. Elisabeth Riksheim-Aure fortel at Arthur var bestefar hennar:

- Arthur Riksheim blei fødd 24. august 1918 i Sykkylven. Han fann seg ei taus frå Sunde og dei bygde hus på garden som foreldra mine bur på i dag. Vi budde først i samme hus før vi bygde nytt då eg var omlag fire år. Slik vaks eg opp saman med bestefar.

Arthur var eit naturleg val av navn på kaffebaren. Sjølv om at eg veit han synest eg jobbar for mykje og ser arbeidet med kaffebaren, veit eg innerst inne at han hadde vore stolt! Eg føler at han følger med meg på det eg gjer. Eg synest at eit namn skal bety noko, eller at det skal ligge noko bak. Sjølv om butikken heiter Det Lille Hus, måtte kaffebaren også få eit namn. Arthur er bonusbarnet mitt.

I interiøret i kaffebaren er det gamle dører festa på veggen. Dei stod i huset til besteforeldra mine. Også eit salongbord og sittebenk er frå farfar. Eit bilde av han heng på vegen.

Han var omsorgsfull og ville alle godt. Vi kunne vel gjere det meste med han uten at han protesterte. Og han var veldig redd for oss. Han likte godt musikk, spesielt fiolin som han spelte sjølv.

Eg hugsar godt at eg gledde meg til å bli stor slik at eg også kunne spele. Men det gjorde eg ikkje. Farfar dreiv garden samtidig som han jobba på Brunstad Fabrikker. Han var eit arbeidsjern med godt hjarte.

1 comment on this postSubmit yours
  1. Eg er tanta il Elisabeth og synes det var kjempekjekt at ho kalla kaffe-baren sin for Arthur, som var min far. Artig å kome inn der og finne minne frå barndomsheimen min, synes ho er veldig flink til å lage det koselig rundt seg, og for kundane sine.Elisabeth er også eit arbeidsjern som sin farfar, lykke til vidare !

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.