- Denne stolen er heilt perfekt for late sjefar. Her kan du slye deg med beina på bordet og telefonen i øyre, smiler marknadsdirektør i Ekornes, Runar Haugen.
I dag opna Ekornes sine årlege messedagar i Ålesund. I løpet av dei neste to vekene kjem over 300 forhandlarar frå Norden for å sjå siste nytt av møbeltrendar, og for å gjere nye avtalar.
I den 3000 kvadratmeter store Ekornes Bua er det Stressless Office som får størst merksemd. Eit nytt konsept, bygd på Stressless-stolane slik vi kjenner dei frå før, men no med hjul. Dei har fått navn som Stressless Jazz Office og Stressless Magic Office. Ny på messa er også sofaen Stressless E40.
Alle dei 15 Stressless-stolane til Ekornes er vidareutvikla.
- For oss er dette uhyre rasjonelt. Vi bruker dei same putene som før, men set på eit nytt understell i stål, eller i stål og tre. Slik drar vi nytte av Stressless sin komfort og funksjon, seier Runar.
Stressless Office er tenkt til heimekontor, men vil også selje til sjefskontor, konferanse- og styrerom. Det er først og fremst kundar i USA og Tyskland som ønskjer denne type møbel.
Dei nye stolane blei vist på møbelmessa High Point i USA for eit par veker sidan. I dag for første gong i Europa. Runar Haugen fortel at Stressless Office er eit nytt forretningsområde for Ekornes:
- Det kjem til å selje for mange, mange millionar, seier han.

Ekornes sin farge for 2013 er oransje og heiter «clementine». Den vil gå igjen i utstillingar, i brosjyrer og på Internett. Her er webmaster Ola Gjerde, eCommerce Manager Knut Svendsen og web/grafisk-designar Marianne Flatabø Fet. I løpet av dei tre siste åra har Ekornes hatt ei dobling av besøk på nettsidene sine. Tala viser at 70% gjer research på nett før dei handlar nye møblar. (Foto: Hanne Suorza)