Laurdag: jazzar opp 100 år gamle Vaarvon

- Vaarvon har ei intim stemning. Den korte avstanden mellom scene og publikum gjer huset spesielt å spele i, seier Åge Lade. I kveld, 13. oktober, er han klar i Straumgjerde saman med Blue Horn Jazzband og Margrethe Velle Ødegård.

­­Vaarvon blei bygt på seks månadar i 1912. Dei siste fem åra har omlag 50 personar teke del i dugnadsarbeid. (Foto: Hanne Suorza)

Ungdomshuset Vaarvon blei bygt i 1912 og feirar 100 år i år. Sidan 2007 har Vaarvon blitt pussa opp og bygt på. Fargar, utsmykkingar, amfi og scene gir rommet eit særpreg.

1. Bygmmeistrane Strømsheim og Strøm gav denne lysekrona i gave 14. desember 1912. Krona kan heisast heilt opp i taket og ned til golvet. 2. Jarle Strømmegjerde er  leiar i Ungdomslaget i Straumgjerde. 3. Rosemålinga er original, men delvis reparert av Petter Jarnes. 4. Viktige levereglar i 1912: «Upp og fram til liv og ljos» og «Heidra Far din og Mor di». (Foto: Hanne Suorza)

Driftsleiar Jarle Strømmegjerde fortel at målet for Vaarvon er nettopp å vere ei intim scene for revy, teater og konsertar. Han er glad for at born og unge som driv med teater, i tillegg til Staumgjerde si eiga revygruppe, held til i huset. Vaarvon skal vere egna til alle formål, også til bryllaup og bursdagsfest.

- Kva synest du om huset slik det står i dag?

- Det er ei perle med fordums prakt, og moderne løysingar på det tekniske plan. Hovudsalen er teke tiilbake til det originale, seier Jarle.

1. Vaarvon med utsikt til elva Straumen. 2. Ole Strømme er avbilda. Han var byggeleiar i 1912. 100 år seinare har barnebarnet Svein Flaate same oppgåva. (Foto: Hanne Suorza)

Byggeleiar ved Vaarvon er Svein Flaate. Mesteparten av arbeidet har vore gjort på dugnad av ulike aktørar. Nesten 10 000 timar er lagt ned i frivillig innsats. I tillegg er det investert rundt to millionar kroner. Mykje er finansiert gjennom gåver. Møre og Romsdal fylkeskommune har gitt støtte på 600 000 kroner, Sykkylven kommune og andre har gitt tilskot på rundt 650 000 kroner, og resten er lån.

Huset har heile tida vore eigd av Ungdomslaget Samhald, som vart skipa allereie i 1895. Vaarvon er i dag eit av få ungdomshus frå den tida. I følge Åge Lade er bygget eit flott tilskot til kulturhusa i bygda.

- Vaksne folk har behov for gode treffplassar, meiner Åge, som saman med Blue Horn Jazzband speler rundt 20 konsertar i året. I kveld klokka 19.30 på Vaarvon. Det er venta fullt hus, mellom 80-100 personar.

Blue Horn Jazzband. (Foto: Geir Morten Brungot)

Heile historia om Vaarvon kjem i bokform før jul. Forfattarar er Kjetil Tandstad og Eldar Høidal.

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.