Livsens symfoni

Diktaren Ola Tandstad blei fødd i Sykkylven i 1892. Han døydde i 1976. Då han var 69 år gav han ut diktboka Jord og Himmel.

Livsens symfoni
          xxx
 
Eig du augo til å sjå
eig du øyro til å høyra
graset gro?
Søkjer du i einsemds stille stunder
i dei stille holt og lundar
fred og ro?
 
Kan du midt i ståk og larm
høyra milde klokketonar:
kom her inn!
Her er fred for tunge tankar
all naturens hjarta bankar
mot ditt sinn.
 
Blomar, fuglar, lauv og strå
— du er eitt med alt som lever
her si tid.
Livsens pulsslag djupt i barmen
er din lut av kjerleiksvarmen
— livsens symfoni.
 
Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.