Mandag: om stubbrumpa bjørn og Bukkene Bruse på biblioteket

Det var ein gang, for ikkje så veldig lenge sidan, at Mumle Gåsegg, Tommeliten og Pannekaka var synonymt med sengekanten.

«Å la meg høyre litt eventyr, mor, det er så fint» sa den eine ungen. «Å kjære deg», sa den andre. «Å kjære, vene deg», sa den tredje. «Å kjære, vene, snille deg», sa den fjerde. «Å kjære, vakre, vene, snille deg», sa den femte. «Å kjære, vakre, vene, gode, snille deg», sa den sjette. «Å kjære, vakre, vene, gode, snille, søte deg», sa den sjuande, og så bad dei om eventyr alle saman, den eine vakrare enn den andre, for dei var så snille og glade i eventyr alle saman.

Tida gjekk og eventyret bleikna. Færre barn ville høyre eventyr, mange ville heller spele PlayStation. Midt i denne tida var det eit bibliotek som gjerne ville tilby teater for barn, særleg stykke frå den norske barnelitteraturen. På ein mandag i oktober inviterte dei difor barn frå tre år til å sjå teatergruppa Askeladden Friteater, som lova å leve seg inn i dyreeventyra til Asbjørnsen & Moe.

Askeladden Friteater presenterer familieforestillinga «Bjørneknep og Revestreker». (Foto: Askeladden Friteater)

«Vi er spente på korleis det går» sa bibliotekstyraren. Hilde Alvestad hadde halde liknande arrangement før, både dukketeater og førestillingar frå Thorbjørn Egner sine bøker. Omlag 125 barn og vaksne kom for å høyre forteljingane frå Kardemommeby og Hakkebakkeskogen. «No i haust hadde vi lyst til å prøve ut opne framsyningar på ettermiddagstid med inngangspengar», sa ho, og la til at blioteket gjerne vil halde arrangement som speglar det dei står for: å fremje kultur, kunnskap, opplysning og informasjon til innbyggjarane i kommunen. «Arrangement for barn har synt seg å vere mest vellukka. Difor blir det nok det vi kjem til å satse mest på framover. Så kom og sjå, då blir det kanskje meir!» sa bibliotekstyrar Alvestad. Snipp snapp snute, så er eventyret slett ikkje ute.

Eventyr frå Asbjørnsen og Moe på Sykkylven bibliotek mandag 15. oktober. Framsyninga startar klokka 17.30 og varer i omlag 35 minutt. Billettpris: 100 kroner per barn.

Hilde Alvestad ved Sykkylven bibliotek. (Foto: Hanne Suorza)

 

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.