Møbel: nytt samarbeid i Hjellegjerde-fabrikken

Ni bedrifter flyttar til Hjellegjerde-fabrikken. Ei ny kontorklynge og eit spanande møbelsamarbeid er i gang.

- Her er framtida. Det er her vi skal skape, seier Gunnar Sandnes, dagleg leiar i Vest Møbel AS.

Gunnar er allereie på plass i kontorlokala. Om eit par veker får han nye kollegaer frå Leather Master, Handelsservice, C-line ved Caroline Harstad, Fotograf Arild Solberg og grafisk designar Tommy Rasmussen.

I haust blei det bestemt at bedriftene Vest Møbel AS, Sitwell AS, Rajo AS og Sandvik Møbler AS skulle samlokaliserast i lokala til Hjellegjerde. Første desember er administrasjonen i møbelbedriftene i hus.

Dermed har omlag 20 personar fått ny kontoradresse før jul, neste år følger produksjonen på med 25 til.

I nye kontorlokale: Jo Sagli, Øyvind Hunnes, Arild Solberg,  Gunnar Sandnes, Svein Lunde (dagleg leiar i Hjellegjerde eigedom) og Tommy Rasmussen. (Foto: Hanne Suorza)

- Vi kan bli enda fleire, både i produksjonen og i kontorfellesskapet, seier Gunnar, som allereie har blitt kontakta av interesserte aktørar.

Å samarbeide skal lønne seg. Målet er å utfylle kvarandre, dra nytte av ulike kunnskapar og produkt innan møbel, interiør, lys, solskjerming, design, foto og reklame.

Grafisk designar Tommy Rasmussen har tru på å hente innspirasjon og innspel frå ulike fagfelt.

- Det er viktig med idemyldring og også litt motstand. Det er sunt og fornuftig å høyre kva andre meiner. Slik blir vi bedre, seier han.

Caroline Harstad er møbeldesignar og meiner dette er ei flott mulegheit til å kome inn i eit nytt miljø med interessante samarbeidspartnarar.

Fotograf Arild Solberg gler seg også over nytt fellesskap:

- Etter 25 år aleine blir det fint med felles lunsj og å kunne drodle saman. Fleire av oss samarbeider allereie, og eg trives med denne gjengen, seier Arild, som framleis vil ha studio på Vik.

Også Øyvind Hunnes og Jo Sagli er på flyttefot saman med fire andre kollegaer i Handelsservice; ei bedrift som arbeider med totalleveransar til hotell, barar og restaurantar.

- Små firma kan ikkje vere flinke til alt. Samarbeid er viktig, seier Øyvind Hunnes.

Over nyttår skal dei nye aktørane ha felles utstilling ved møbelmessa i Stockholm. Alt frå utstillingsmodellar, foto, lys, design av stand og reklamemateriell, ordner dei no sjølve.

Kontor- og produksjonslokalet i Hjellegjerde-fabrikken er på omlag 5000 kvadratmeter. Det rommar også fotostudio og eit stort showroom. Der vil dei nye bedriftene stille ut sine produkt, i tillegg vil rommet bli utleigd til alt frå moteshow til messer.

Allereie i neste veke er showrommet i bruk når produktrådet i Møbelringen kjem for å sjå Leather Master, Formfin, Brunstad, Hovden, Stordal Møbler, Sitwell, Rajo, Vest Møbel og Sandvik presentere siste nytt.

Stig Brandal ved Leather Master ser også fram til eit nytt samarbeid i bransjen.

- Det er positivt med utstillingslokale og at kjedene kjem til Sykkylven. Eg har tru på ein synergieffekt av å jobbe saman. Dessutan er det tradisjon i Hjellegjerde-fabrikken, og gale om den skulle stå tom. Leather Master arbeider tett på møbelbransjen og dei nye lokala kan gjere det enda lettare å få kontakter i detaljhandelen. Vi er sterkare når vi er fleire, seier Stig Brandal.

Det er nytt liv i Hjellegjerde-fabrikken. (Foto: Hanne Suorza)

Produksjonen i Vest Møbel AS, Sitwell AS, Rajo AS, og Sandvik Møbler AS startar opp i Hjellegjerde-fabrikken i mars/april 2013.

Frå før er IMG og Nor-Lam (tidlegare Måndalen Laminat) på plass i eigne lokale i bygget.

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.