Møbel: «Ver så god, sitt!»

Utstillinga «Ver så god, sitt!» byr på det beste av norsk møbeldesign.

Ved Møbelfaglig Senter er vi innom pionertida, nyskaping på femtitalet, den mjuke kvilestolen, møblar for born og norske designklassikarar.

Støv på hjernen: Husværa måtte vere små på femtitalet: Plassen måtte utnyttast effektivt. Møblar skulle helst dekkje fleire behov. Stolar og sofaer skulle kunne slåast ut og bli sengeplass om natta. Heimeverande husmødrer fekk støv på hjernen og var overalt med vaskebøtta og støvsugaren. Ideala frå industrien spreidde seg til heimane. Tidsstudiar var gjennomført for å finne ut korleis husmora mest effektivt kunne få arbeidet unna. (Tekst frå MNFS) (Foto: Hanne Suorza)

Har du ikkje opplevd utstillinga, så ta turen. Den er lys, lett og eit «må-sjå» i møbelbygda.

12 av møblane er rekna for å vere blant dei 44 beste klassikarane i Norge. Bak kåringa stod ein jury frå Norsk Møbelfaglig Senter, Nasjonalmuseet, kunsthøgskulane i Bergen og Oslo, og Norske interiørarkitekters landsforening.

Museumstyrar Kjetil Tandstad fortel at samlinga er eit godt utgangspunkt for det som skal bli ei ny fast utstilling. Det er ikkje plass til fleire møblar no, og difor arbeider museet med å vise eit større utval ved hjelp av digitale media. Målet er å kunne presentere bilde, filmsnuttar og lyd.

- Har du eit favorittmøbel eller to?

- Eg likar veldig godt korgstolen. Den er produsert i rimelege materialar, syner godt handverk og fine former. Eit perfekt møbel i ei tid då folk haddde lite pengar og budde trangt. Svein Asbjørnsen har med sin Contura gjort det kunststykket å lage ein vakker recliner. Desse lenestolane, der det kjem ei fotstøtte fram når ein legg seg tilbake, ser ofte ikkje så pene ut. Du ser under skjørta på stolane og får innsyn i fjører og metall. Asbjørnsen greidde å lage ein recliner som ser elegant ut i alle posisjonar, seier Kjetil Tandstad.

Denne miniatyrstolen er lik den møbelagentane hadde med seg for å vise kva dei hadde å selje. Truleg er det ein Langlo-modell frå rett før, under eller etter krigen. (Foto: Hanne Suorza)

Norsk Møbelfaglig Senter blei etablert i 1994. Det er eigd av Sykkylven kommune, Forbundet Industri Energi og Norsk Industri, møbel + interiør. Senteret er i dag ein del av Stiftinga Sunnmøre Museum. Utstillinga er opa alle kvardagar mellom klokka 09 og 16. Og når som helst ved avtale.

Møbelplakat: det beste frå norsk møbeldesign. Mange modellar er produsert i Sykkylven. (Foto: Hanne Suorza)

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.