Nye planar for Stamina HOT

- Trenden er å trene kort og effektivt, seier Monika Settemsdal, dagleg leiar i Stamina HOT.

Treningsenteret har endra navn og profil. I haust og vinter kjem nye timar på programmet.

- Over nyttår kan du bli med på 30 minutts grupper. Vi set opp bolkar med styrke, intervall, kondisjon og stabilitet. På den måten treng du ikkje heile kvelden til trening, seier Monika.

Sprek: Monika Settemsdal er fysioterapeut og dagleg leiar i Stamina HOT, Sykkylven. (Foto: Hanne Suorza)

Ho presiserer at dette er planar, som vil skje gradvis over tid. På sikt vil det bli fleire timar om morgonen og i helgene. Nytt blir også trening ute i det fri, som har fått navnet Stamina OUT. Monika arbeider for eit kurs i skiteknikk, i samarbeid med langrennsgruppa. Det er planar om løpegruppe, sykkelgruppe, turgruppe og bootcamp, som er trening for mødre med barnevogn.

-  Vi gjer dette for at fleire skal bli med. Kanskje er det tilflyttarar i bygda som ikkje har vore på Gimsdalen, og som vil bli med i ei turgruppe? Vi håper også at mange som arbeider turnus vil bli med, og ikkje minst folk over 55 år. Det er eit satsingsområde, seier Monika.

Instruktør: Linn-Eva Viset Indergård. (Foto: Hanne Suorza)

Corebar: omlag 20 spreke damer på plass i dag, mandag 8. oktober, klokka 10.30. (Foto: Hanne Suorza)

Treningsenteret har eit tett samarbeid med bedriftshelsetenesta i Sykkylven. Saman ønsker dei å skreddersy ordningar innan helse og trening. Monika viser til eit pilotprosjekt i Bodø. Etter at trening blei ein fast del av kvardagen så auka trivselen, og sjukemeldingane i byen blei færre.

- Rask behandling ved sjukdom og skade er eit nøkkelord. Vi veit at trening er godt både fysisk og psykisk, seier senterleder og fysioterapeut Monika Settemsdal.

Variert: Arnvid Bjørke trener 2-3 gangar i veka. – Eg syklar, ror og trenar styrke for å halde meg i form. Eg får ingenting gratis, seier han. (Foto: Hanne Suorza)

Monika gir tips til mosjonistar:

1. Set opp eit enkelt treningsprogram og planlegg å trene 2-3 gangar i veka.

2. Tren saman med nokon, inne eller ute til faste tider.

3. Varier treninga og skift aktivitet gjennom året. Ein god miks av kondisjon og styrke må til.

4. Tenk meir styrketrening, smidigheit og stabilitetstrening med alderen.

5. Spør oss om hjelp!

I slutten av september var Stamina HOT Sykkylven med i ein nasjonal konkurranse om å selge flest nye medlemskap på tre dagar. Med 22 nye gjekk Sykkylven av med sigeren.

Stamina betyr styrke, HOT står for helse og trening. Stamina HOT har 55 treningsenter, over 70 000 medlemmar i Norge og 950 i Sykkylven.

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.