Plateslepp: sjå Hilde Louise med «Gjer det igjen»

Hilde Louise Asbjørnsen får både skryt og terningkast 6 i pressa, når ho i dag, fredag 19. oktober, slepp albumet «Månesjuk».

Dette er Hilde sitt sjette album. Det er hennar første på dialekt og markerer tiårsjubileet som artist.

Til brabygd.no seier Hilde at ho lenge har hatt lyst til å skrive på norsk:

- Eg merkar tydeleg at folk høyrer bedre etter på teksten når eg syng på norsk, og då var valget enkelt. Avslepa sykkylvsdialekt har så mange mulegheiter i forkortingar og slang. Eg er farga av mjuke vokalar og diftongar som det er godt å synge på.

Her er den rykande ferske musikkvideoen «Gjer det igjen». Den er spelt inn på Centralteateret i Oslo.

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.