Sykkylvsbrua: nye tal og nye skilt

Statistikk for Sykkylvsbrua

I august i år køyrde omlag 57 600 bilar over Sykkylvsbrua.

Det er drøyt 16 200 fleire enn i august 2003.

Omsetjinga i august i år var på omlag 1 524 000 kroner.

Det er nesten 517 000 kroner meir enn i august 2003.

I dag, 3. oktober, blei det klart at ny nestleiar i Sykkylvsbrua AS er ordførar Petter Lyshol. Han tar over etter Jan Kåre Aurdal.

Sykkylvsbrua er 860 meter lang, og blei opna 14. oktober 2000.

 

Brua, museum og gater får nye skilt

Etter 12 år med mulegheit for kontant betaling på Sykkylvsbrua, monterer Statens vegvesen no eit nytt system. Difor kjem også nye skilt på plass.

Seinare i oktober må bilistar passere med autopass, eller bli fotografert og få tilsendt faktura. Gravinga rundt stasjonen startar denne veka.

Samtidig som vegvesenet viser oss retninga til bru og museum, set Sykkylven kommune opp nye gateskilt i bygda.

Statens vegvesen sin skiltplan for Sykkylvsbrua.

Sykkylvsbrua, fotografert frå Åsbakkane. (Foto: Hanne Suorza)

Sykkylvsbrua, fotografert frå Straumshornet. (Foto: Hanne Suorza)

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.