Trend: sesong for toppturski

Det handlar om innsving, centimeter, smidigheit og vekt. Denne sesongen blir randonee-skia vinnaren i sportsbutikkane i Sykkylven.

Variert utval: Aleksander Midtgård ved Focus Sport og Eva Arntzen ved Intersport. (Foto: Hanne Suorza)

- Vi sel heilt klart meir utstyr til toppturar no enn før. Tidlegare har telemark vore mest populært, men no tar randonee-skia over, seier Aleksander Midtgård ved Focus Sport.

Han trur at randonee-skia har opna topptur-døra for mange:

- Det krevst mindre trening og ferdigheiter å renne med randonee enn med telemark. Eit godt utval gjer fjelltoppane meir tilgjengleg for folk flest, seier Aleksander.

Randonee-skia har alpine bindingar, men det er muleg å frigjere helen frå skia. Utstyret fungerer både som slalom- og telemark-ski. Slik går du fint i flatt og kupert terreng, og får ein stødig tur ned att frå toppen.  Utstyret er kostbart og blir vidareutvikla kvart år. Invisterer du i eit slik utstyr bør det vare i mange sesongar.

- Kva utstyr skal til for å gå ein topptur?

- Først og fremst er det viktig at du har lyst ut på tur. Kva som er nødvendig utstyr kjem an på ferdigheiter. Vi kartlegg alltid kva nivå og bruksområde kunden har. Deretter kjem vi med forslag, forklarer forskjellen og gir ei anbefaling. Det finnast mange variantar i alle vektklasser. Pass på og kjøp det rette utstyret, oppfordrar Aleksander.

Snart går pudderalarmen i Sykkylven. Fjella i Velledalen er flotte turmål.

Eva Arntzen ved Intersport ser det samme:

- Stadig fleire går for randonee, seier ho.

Kvart år får sportsbutikkane i Sykkylven eit større utval av ski, bindingar, sko, feller, sekk, ull og jakker. Når valga er mange, detaljane små og prisane høge, kan det det vere utfordrande å bestemme seg.

- Kvifor har topptur blitt trend?

- Det er inn å trene. Vi ser 60-åringar i knallgod form som syklar birken og går bratte fjellsider. Det er ikkje lenge sidan du var gamal når du var 60. I dag kjøper foreldregenerasjonen gjerne lette karbonski. Eg trur også det har samanheng med velstanden som har vore.

Eva ser eit skilje på 40 år. Dei over 40 ønskjer eit lett utstyr fordi det skal vere enkelt å gå oppover. Dei under 40 ønskjer eit tyngre utstyr som gir bedre nedkøyring, gjerne i bratte skråningar.

- Kven kjøper randonee?

- Så langt har det vore aktive fjellfolk. No er det mange fleire, også studentar på 18 år er interesserte. Det kan ikkje vere mange bygder der så mange går på tur, meiner Eva, som flytta til Sykkylven for 20 år sidan.

Les meir om sikkerheit i fjellet på brabygd.no i neste veke.

Skisesongen nærmar seg. I morgon, torsdag 25. oktober, er det meldt snø på Fjellsetra:

 

 

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.