Trend: til fingerspissane

Dekorerte negler er trend.

Nye nagletrendar har dei siste åra dukka opp kvar sesong, og vore like sjølvsagt i motebildet som kjolar og sko. I år er det mykje fargar på naglane, alt frå dus aprikos til mørkeblå.

Nagledesignar Lena Lystrup meiner vi kan bli enda flinkare til å bruke fargar.

- Mange er redde for å vise seg fram med fargar fordi dei har kompleks for korte, tjukke eller tynne fingrar. Ein skal vere stolt over dei hender ein har, slår ho fast.

Nøyaktig: Lena Lystrup. (Foto: Hanne Suorza)

Lena fortel at stadig fleire kjem for å stelle hendene sine før ei spesiell anledning som bryllup, ferie eller julebord. Andre kjem regelmessig, både ungdom og vaksne.

Det var ved Tone Lise Akdemiet i Oslo i 1999 at Lena fekk kunnskap om manikyr og pedikyr. I dag har ho ei eiga avdeling ved Centrum Hårpleie der ho steller naturlege og falske negler.

Lena anbefaler å ha ein god handkrem lett tilgjengeleg. Ei godt fukta hud gir nemleg grunnlag for vakre negler. Det er viktig å hugse på naglebanda og smøre dei med ein god olje, slik at dei ikkje fliser seg.

Sjølv synest ho det er fint med sunne og naturlege negler, men fortel at enkelte liker at dei ser falske ut.

Lena vel ulike metodar når ho gir manikyr. Ho nyttar acryl og gele, klipper og limer for det perfekte resultat. Siste skrik er Shellac, ei blanding av neglelakk og gele. Denne lakken får du kun på sallong fordi den skal tørke under ei UV-lampe.

- Shellac er sterk. Den held i 14 dagar, så du slepp å bekymre deg for riper i lakken. Det er supert for dei som vil forsterke naglen utan å legge falske negler, forklarar Lena.

Ein anna trend er Minx. Det er ein folie med mønster som ein varmar opp og formar på naglen. Du la kanskje merke til Minx under OL i London, der stjerner som Venus Williams og Sanya Richards-Ross konkurrerte med nylagte flagg på fingerspissane?

- Det er berre fantasien som set grenser for dekor. Kva med leopardmønster, gull eller sjakkruter? Det er stilig å vise seg litt fram, seier Lena.

(Fleire salongar i Sykkylven tilbyr naglestøyping.)

Shellac sit som støypt. (Foto: Hanne Suorza)

 

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.