Trend: topptur

Å gå i fjellet er populært. Har topptur blitt den nye Fjellseterrunden?

- Talet på folk i fjellet aukar, seier Hans Kristian Aarhuus. Han er styremedlem i Fjellhug og ein ivrig turgåar, både sommar og vinter.

- Før var det ikkje vanleg å møte så mange på toppane. Særleg om vinteren var det lite folk. Går du skitur til Ausekaret på ein dag med fint ver no, så møter du garantert mange andre. Tidlegare var dei fleste fornøgde med ein tur i påska til Myrdalsfjellet, Langfjella eller Ausekaret. Skia blei sett vekk når påska var over. No startar sesongen for topptur så snart snøen kjem og varer langt ut i juni, seier Hans Kristian.

Han ser at stadig fleire ungdommar, som liker utfordrande nedkøyringar, går toppturar. Å vere sprek og sterk er sunn mote. Hans Kristian trur det er fleire grunnar til kvifor topptur har blitt trend:

- Mange turlag arrangerer toppturar både sommar og vinter. Vi ser reklame med flotte bilder både på TV, nett og i ulike blad. Dette gjer at fleire får lyst til å oppleve turane sjølve. Mange bøker og nettstadar viser gode forklaringar. Her i bygda har turpostkonkurransen «Frå fjøre til fjells» bidratt til at mange fleire har kome seg ut på tur. Utstyret har også blitt bedre.

Aust om Storbreskaret ved Velleseterhornet: Anne Lise Welle, Stine Marie Aarhuus og Hans Kristian Aarhuus. (Foto: Kjell Glomset)

Hans Kristian var ni år første gang han gjekk på Skopphornet og Trollkyrkja saman med eit turlag. Interessa for fjell har berre auka med åra. Det blir ganske mange høgdemeter i løpet av eit år. Han liker å nå nye toppar eller å gå nye ruter til toppar han har vore på tidlegare. Det gir trim, rekreasjon og fantastiske naturopplevingar.

- Kva er din favoritt?

- Riksheimdalen med Tungremtindane og Blåbretinden liker eg godt både sommar og vinter. Storbreskaret og toppane ein kan nå derifrå er ein anna favoritt. Hovdeåsen er faktisk også ein av mine favorittar. Det er fordi det er ein topp ein kan nå både som treåring og i høg alder. Turen kan du gå på kort tid, gjerne som ein kveldstur. Du oppnår ei unik utsikt over fjord, fjell, bygd og by.

- Er det å gå topptur blitt status?

- Toppturar er kanskje blitt status for nokre. Det positive er at folk kjem seg ut i fjellheimen. Fjellet er for alle, men eg synest at kunnskap og erfaring ofte ikkje samsvarar med valg av turmål.

Hans Kristian er ein røynd turførar og seier at bruk av kart, kompass og GPS er noko som alle på topptur må vere trygge på å bruke. I alle fall må ein i turfølget kunne bruke utstyret. Om vinteren er det også viktig å ha kunnskap om skred og å kunne vurdere trygge vegvalg. Det er nødvendig å ha nok klede, mat og utstyr for å takle ein naudsituasjon. Alle må velge tur etter evne og bygge lag på lag med ny fjellerfaring.

Les meir om utstyr i fjellet på brabygd.no i morgon, onsdag 23.oktober.

Anne Lise Welle og Rigmor Aarhuus på veg til Skopphornet. Oppstigning frå Riksheim.  (Foto: Hans Kristian Aarhuus)

1 pingback on this post
Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.