120 bøsseberarar har i dag samla inn 144 431 kroner til Amnesty International.
Ordførar Petter Lyshol fortel at elevar frå alle skulane i bygda har teke del i innsamlinga.
- TV-aksjonen er godt organisert i Sykkylven. Måten skulane ordnar arbeidet i krinsane er fantastisk. Mange bygder må leite etter bøsseberarar, seier ordføraren.
I tillegg til pengar i bøssene kjem overføringar frå bedrifter og andre.
Klokka 21.15 var totalsummen i Sykkylven 211 967 kroner, som utgjer 27,66 kroner per innbyggar.
Tal frå NRK viser at det i fjor kom 158 274,50 kroner i bøssene til Norsk Folkehjelp. Det er 13 843,50 kroner meir enn i år.
I Sparebanken Møre har Lise Løseth, Elise Tafjord Løvoll og Marte Sætremyr teke i mot bøssene. Dei har talt, skrive statistikk og ikkje minst ført pengane inn på konto til Amnesty International.
Pengane går til arbeidet med å avdekke brot på menneskerettar fleire stadar i verda.
Her kan du sjå tal for alle kommunane i Møre og Romsdal. Grøn hake viser at kommunen er klar.
Oppdaterte tal, 23.10.2012: Innbyggarane i Sykkylven gav i snitt 33,66 kroner kvar. I oversikta over alle kommunar havnar Sykkylven på 391 plass, av totalt 446 kommunar.

Marte Sætremyr, Elise Tafjord Løvoll og Lise Løseth i Sparebanken Møre, kunne for første gong bruke eit automatisk tellesystem. Det førte til at arbeidet var utført på to og ein halv time. (Foto: Hanne Suorza)