Vi blir fleire

Folketalet i Sykkylven aukar.

Frank Gjersrud, Tone Klakken og seks veker gamle Olave. (Foto: Irene Lovund)

Tone Klakken er frå Fjørå i Norddal kommune og flytta til Sykkylven i mars 2011.

- Eg var veldig spent på korleis overgangen ville bli etter 13 år i Oslo, seier Tone. I august fekk ho og sambuar Frank Gjersrud ei skjønn datter som heiter Olave. Dermed bidrar den vesle familien positivt i talet på nye sykkylvingar.

- Frå dag ein har eg trivest og ikkje vore i tvil om å bli verande, seier Tone, som flytta til bygda for å bu saman med sykkylvingen Frank.

- Det som overraska meg mest positivt er den store variasjonen i aldrar og livssituasjonar. Eg har opplevd folk som inkluderande og imøtekommande. Bygda har alt eg treng i kvardagen av butikkar og servicetilbod. Og så er det sjølvsagt eit stort pluss å ha flott natur rundt seg, og kort veg til Ålesund og Vigra, seier Tone.

Første halvår i år auka folketalet i Sykkylven med 34 personar. 1. juli 2012 var vi 7698 personar. Til samanlikning auka folketalet i fjor berre med to. (Tal frå Statistisk Sentralbyrå)

Veksten i år skuldast fleire fødte barn og fleire tilflyttarar.

Folketal i Sykkylven:

1960: 4794

1970: 5544

1980: 6413

1990: 6823

2000: 7280

2010: 7589

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.