Brabygd viser i dag første del i ein historisk fargefilm frå Sykkylven.
Bak kamera stod Klara Wike. Ho var søster til Olav, Einar og Lars Andreassen. Klara blei fødd i Stordal, og flytta til Canada i tidleg alder. I 1948 var ho i Norge på ferie, mellom anna for å vere fadder til Kari Andreassen Steinsvik. (I del 2 vil vi sjå glimt frå barnedåpen i Sykkylven kyrkje.)
Den kreative kvinna dreiv butikk i Vancouver og arbeidde også som journalist i avisa Norrøna, som blei skrive for emigrerte nordmenn i Canada.
I første del av filmen ser vi at Klara reiser frå USA til Ålesund for å feire 17. mai, før ho tar ferja til Sykkylven. I morgon viser brabygd andre del med bilder frå Sykkylven. Seinare også frå Stordal, Stranda, Valldal, Vikebukt og andre stadar i landet. Følg med!
Det er Egil Brunstad som har lånt oss filmen.
Johan Vinje
19. mai 2013
Dette er no heilt fantastisk. Episode 4 frå Stordal er kjempefin..
Veit dere pikenavnet til Klara som kom frå Stordal ??
Hanne
19. mai 2013
Hei! Kjekt å høyre! Pikenavnet var truleg Seljehaug. Ikkje heilt sikker.