Laurdag: mimrar om VRF sine 60 år

Når Velledalen og Ringen Fotballag (VRF) feirar 60 år handlar det både om opprykk, nedrykk, dommarar og tøffe duellar.

VRF 1970: bak frå venstre: Bård Erstad, Eldar Tandstad, John Johansen, Svein Welle, Lars Kornberg, Johan S. Grebstad, Per Hole og Einar Fet.
Framme frå venstre: Sigbjørn Fet, Reidar Bremerthun, Bjarne Alnes, Erling Solsletten, Odd-Kåre Fet og Johan Svindseth. (Foto: VRF)

Alle med tilknytning til klubben, også supportarar og sympatisørar i inn- og utland, er inviterte til Grendahuset i kveld klokka 19.30. Det er omlag 80 påmelde til jubileumsmiddag, fest og dans.

Svein Nakken og Atle Hole har vore sentrale personar i VRF i mange år. Under arrangementet i kveld vil dei to mimre om klubben si historie. Atle Hole fortel at VRF har vore ein viktig del av livet hass sidan han som sju-åtteåring såg sine fyrste kampar på Slettegjerde. Han har 543 A-kampar, vore styreleiar i to år, trenar for fleire lag og vore dommar i klubben.

- Kva er ditt beste VRF-minne?

- Det må delast i to. Som spelar er det 1-0 over Langevåg på bortebane i 1978. Det gav opprykk etter hard kamp mot nettopp Langevåg og Brattvåg. Per Hole scora sigersmålet og Leiv Alnes var stor mellom stengene. Det året hadde VRF seks ubetalte spelande trenarar, og heldt nullen i 12 av 18 seriekampar. Utanfor bana er det 6-1 over Clausenengen (tre mål av Svein Welle) i toppkamp i 3. divisjon på Dalemyra i 1971, og siger 2-1 over Sykkylven i lokaloppgjer på Sykkylven stadion i 1995. Kay Ove Lade scora sigersmålet like før slutt.

Atle Hole meiner at 1970-talet var gullalderen for herrefotballen i laget, men at VRF også var sterke i siste del av 1990-talet. Då var VRF nær opprykk til det gode selskap (Atle siterer Halvard Erstad: «berre ein dårleg linjedommar unna»), men det glapp på Spjelkavik stadion.

Han nevner også G 16-laget sin finalekamp mot Tromsø i Norway Cup i 1990 som eit anna høgdepunkt. Då scora Ole Martin Årst det einaste målet i kampen. Damefotballen sitt sterkaste tiår var 1990-talet. Anne Grethe Sandvik var laget sin einaste landslagsspelar (J16). Tove Marie Tandstad dømde fleire sesongar på høgaste nivå i kvinnefotball på 2000-talet, og fekk æra av å vere fjerdedommar i ein kvinnecupfinale.

- Kva er bra med VRF?

- Mykje er endra i VRF etter at seniorfotballen vart borte. Før det hende, var samhaldet, engasjementet og klubbkjensla særdeles sterk. Sjølv om det gjekk i bølgedalar, resignerte klubben aldri og kom alltid sterkare tilbake etter svake periodar. No er alt annleis. Siste ti åra har vore dei desidert minst ærerike i klubben i historisk perspektiv.

- Kva er VRF sine vidare planar?

- Rykta seier at det skal vere eit medlemsmøte med dette som tema i nær framtid. Siste ti åra har eg vore leiar i Velledalen IL og engasjert meg heller lite i det VRF styrer med. Før var det slik at kompetansen i det aldersbestemte arbeidet i VRF vart henta frå A-laget sine rekkjer. No har ikkje klubben A-lag, og kompetansen vert deretter. Men all ære til dei som tek på seg verv. Sikkert er det i alle fall at mange i laget sitt nedslagsfelt tykkjer tida utan eige lag har vore nitrist. Sykkylvsfotballen slo seg saman for å bli betre, men vert i staden brukt som døme og argument for kor gale det kan gå.

I desember 2002 blei det bestemt at fotballaga i bygda skulle slåast saman til eit lag: FK Sykkylven. For dei yngste spelarane har VRF, Ikornnes og Hundeidvik eigne lag. I år rykka herrelaget til FK Sykkylven dessverre ned til 5. divisjon. Vegen vidare for fotballen i bygda skapar eit stort engasjement hos mange.

VRF har vore kjende for å ha hatt gode målmenn. Her er Atle Hole (midten bak) omkransa av slike. Bak: Stian Hole og Leiv Alnes. Framme: Bjarne Alnes og Johan Svindseth. (Foto: VRF)

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.