Webkamera i Sykkylven

Bilde frå Symrevegen, Sykkylven. Oppdatering kvart femte minutt. Klikk for større bilde.

For fire år sidan monterte Jan Gunnar Hole eit webkamera i heimen sin i Symrevegen 4. Kameraet har 10 megapikslar og fotograferer 30 bilder i sekundet.

Webkameraet er til glede for sykkylvingar i Norge og elles i verda. Men også folk som ikkje har eit forhold til bygda synest det er flott å sjå. For ei tid tilbake mottok Jan Gunnar ein e-post frå ei dame i Los Angeles. Ho var på arbeid i ein skyskrapar og hadde utsikta som skjermbilde på datamaskina. Denne dagen var det så mykje snø på taket i Symrevegen at skjermen i LA blei svart. Jan Gunnar spurde om ho hadde noko forbindelse til Sykkylven. Det hadde ho ikkje. Webameraet var rett og slett hennar bilde av ei vakker verd.

2 total comments on this postSubmit yours
  1. I flere dager bare fått nattbilde tatt 23/4. Jeg estimert snøforholdene på Gimsdalen ved å se på Skophornet/Riksheimdalen – og det blir vanskelig i mørke.. Bedring i vente ? Vh. Per Wik, Trheim.

  2. Hei Per! Ja, vil tru at det ordner seg ganske snart…. høyr evt med Jan Gunnar Hole. Mvh Hanne

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.