Amatec i Chile

Med kundar i 19 land er Amatec størst i Skandinavia på maskiner og utstyr for søm. No satsar bedrifta på Vikøyra i nye marknadar.

Produkt- og marknadsjef Lars Einar Riksheim etablerte Amatec for 28 år sidan. (Foto: Hanne Suorza)

Not og garn

I desse dagar arbeider bedrifta med å nå nye marknadar for sal av symaskiner til garn og not – ei næring Amatec har vore del av sidan 1984.

- Fiskeri og oppdrett er eit viktig satsingsområde og ei næring i vekst, fortel produkt- og marknadsjef Lars Einar Riksheim.

Nyleg reiste han og Sigurd Mo til Chile for å besøke messa AquaSur. Det søramerikanske landet er stort innan lakseoppdrett.

Viktig reise

- Vi fekk ei svært god mottaging og har med oss mange innspel tilbake. Samtidig fekk vi nye kontaktar. Dei vil vere viktige for oss dersom vi skal lukkast med salet der.

Men i nye land er det også nye utfordringar:

- Chile er eit spansktalande land der overraskende få snakkar engelsk. For å kommunisere på ein god måte må vi oversette materialet for sal til spansk. Vi treng også ein person i Chile som kan hjelpe oss med å følge opp teknisk service på maskinene. Vedkomande må snakke engelsk eller norsk.

Amatec leverer allereie symaskiner for not og garn i ei rekke land. Kina, India, Canada, Island, Færøyene, Sverige, Finland, Danmark, Hellas, Spania, Portugal, Frankrike og Australia er nokre av dei.

Kraftige symaskiner til fiskeri og oppdrett. (Foto: Hanne Suorza)

Tekstil er størst

I Sykkylven er Amatec mest kjend for å levere symaskiner til sømindustrien, mellom anna til Ekornes. Av alle modellane er det Durkopp Adler rettsømsmaskin til møbelindustrien det blir seld mest av.

Automasjonsavdelinga vil truleg stå for den største veksten i framtida.

- Vareproduserande industri må ta i bruk ny teknologi for å kunne ha ein konkurransedyktig produksjon. Automasjon er for oss eit «produkt» som vi kan tilby til fleire bransjar og som kan gi oss nye mulegheiter, seier Lars Einar.

- Kva er viktig i utviklinga av maskiner?

- Det er viktig å ha god kontakt med kundane og lytte til ønskjer og behov. Slik får vi innspel til nye produkt. Dessutan må vi vere løysningsorientert. Dyktige medarbeidarar er det viktigaste av alt.

Hundrevis av maskiner

Frå å vere ei einmannsbedrift i 1984 er det i dag 30 tilsette i Amatec, som utvidar yttarlegare denne månaden.

På 1500 kvadratmeter i Sykkylven finn vi administrasjon, automasjonsavdeling, kontor for sal, utstilling, og lager for nye og gamle maskiner.

Bedrifta arbeider også med maskiner for tilskjering, sveising, pressing, brodering, lasergravering og strikking. Det blir bygd spesialløysingar av aluminiumsprofilar, løftesløyler, linjærføringar og motorar.

Amatec har også avdelingar for sal og service i Oslo og Stavanger.

Tor Ronny Gjelstenli og Terje Riksheim står for mekaniske og elektriske løysingar. (Foto: Hanne Suorza)

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.