Barnemusikal: funk, rap og bossanova

I dag, søndag 4. november klokka 17, kan du sjå barnemusikalen «Tidsmaskin» i Sykkylven kyrkje.

Dirigent Trine Ramnefjell og små sangfuglar. (Foto: Hanne Suorza)

Sidan fredag har 50 barn vore samla i kyrkja. Dirigent i Kor Kjekt, Trine Ramnefjell, fortel at musikalen er bygd opp rundt 12 forteljingar frå Det gamle testamente.

- Musikken er svært allsidig. Den femner om mellom anna rap, bossanova og funk. Det er ein interessant måte å lære om forteljingar frå Bibelen, seier Trine.

I Kor Kjekt er det 20 jenter og gutar. Denne helga er 30 barn frå Volsdalen barnekor på besøk.

Dei har også god støtte frå proffe musikarar. Kantor og komponis Håvard Sveås vil spele piano under konserten. Han har med seg Kim Erik Lillestøl på trommer og Peder Lundanes på bass.

1 pingback on this post
Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.